Gledeleg folketalsutvikling

LEIAR

Den siste kvartalsvise oversikten frå Statistisk Sentralbyrå, når det
gjeld utviklinga i folketalet i kommunen er hyggeleg lesnad.Etter
ein lengre periode med nedgong i folketalet er trenden no snudd
i løpet av det siste halvtanna året. I siste kvartalet viser ein kraftig
oppgang.

Dersom ein går bak tala ser ein og at halvparten av dei som flytta
til kommunen var personar som kom hit frå utlandet.Den same
tendenesen ser ein også i andre kommunar,der denne utviklinga
faktisk ser ut til å vera enno meir markant.

Likevel er det all grunn til å gle seg over ei slik utvikling, og det
er heller ikkje vanskeleg å skjøna at det i hovudsak er forventningane
knyta til Finnfast og eit lokalt blomstrande næringsliv og
auka sysselsetting som er hovudgrunnen.

Finnøy kommune skal ha ros for at mykje av den infrastrukturen
som må etablerast for å møta denne utviklinga alt er på plass.
Det gjeld i hovudsak forhold knyta til skule og barnehagar, som
ofte er ei stor utfordring i samband med ein sterk vekst i folketalet.
I tillegg er det viktig å ha på plass gode fasilitetar og anlegg
når det gjeld kultur og idrett. Også på dette området ligg Finnøy
kommune i forkant av utviklinga. På same måten er det gjennom
kommuneplanen og den pågåande reguleringsplanen for
Judaberg sentrum teke høgde for ei betydeleg bustadbygging, og
me er også einig med ordførar Nes når han seier at den største
utfordringa ligg i å fordela veksten utover øyane i kommunen.

Ei stor utfordring ligg også hjå alle oss andre i måten me tek imot
dei nye innflyttarane og i den viljen me viser til å integrera dei
på i dei mange små lokalsamfunna våre.Dette realitert til både
arbeidsliv, skule og fritid og ikkje minst gjennom dei daglege
mellommenneskelege relasjonane mellom oss.

Her har me nok framleis ein lang veg å gå. Men dersom me alle
blir oss sjølv bevisst på dette så viktige området, så vil me kunna
gjera dronning Sonja sine ord då ho vitja kommunen for nokre år
sidan til våre eigne;

Nemleg at «Finnøy – det er et godt sted å leve» – også for innflyttarar!