Frå vondt til verre?

LEIAR

Sørheim-utvalet si innstilling vedrørande nytt inntektssystem
for kommunane kan få dramatiske konsekvensar
for kommuneøkonomien i Finnøy. Innstillinga som
no er ute på høyring viser at øykommunen vår kan få
ein redusert skatteinngong på heile 6 millionar kroner
samanlikna med dagens nivå.

Dei same negative utslaga vil dette også gi for enkelte
andre små distriktskommunar.

-Dersom dette slår til kan ikkje Finnøy kommune
lenger eksistera, var ordførar Kjell Nes sin klare tale
då han nyleg møtte partifelle og stortingsrepresentant
Bjørg Tørresdal (KrF) torsdag i sist veke.

Ein skal ikkje gå lenger tilbake enn til forrige stortingsperiode
då Erna Solberg (H) styrte kommunaldepartementet
med hard hand, og frå den raud-grøne opposisjonen
si side fekk beinhard kritikk for si ”sulteforing”
av kommunane. Rett nok har begge etterkomarane,
både tidlegare kommunalminister Åslaug Haga og noverande
minister i kommunaldepartementet Magnhild
Meltveit Kleppa frå Senterpartiet strøydd nokre ekstra
milliardar utover kommune-Norge utan at det ser ut
til å ha betra det økonomiske handlingsrommet noko
særleg.

Det er også dette partiet som har vore den sterkaste
motstandaren av kommunesamanslåing og endringar i
kommunestrukturen.

Då er det kanskje eit paradoks at det sit ein minister frå
Senterpartiet og ein distriktskommune i Ryfylke på toppen
i kommunaldepartementet. Dersom det ikkje blir
gjort betydelege endringar i Sørheim-utvalet si innstilling
til nytt inntekstsystem for kommunane slik det ligg
føre, er me redd partiet kan mista sin legitimitet i store
delar av distrikts-Norge.

For dette er i ferd med å gå frå vondt til enda verre for
kommuneøkonomien i Finnøy.