Frå ord til handling

LEIAR

Det har i alle år vore ei overordna politisk målsetjing
og brei tverrpolitisk semje om å oppretthalda
skular og barnehagar på øyane i kommunen vår. Ein
viktig og avgjerande føresetnad for å lukkast med
dette er å leggja til rette for vekst og utvikling i dei
små lokalsamfunna.

Frå den vesle øya Halsnøy høyrer me om at unge
tomtesøkjarar ikkje får realisert byggeplanane
sine fordi det ikkje er bustadtomter å oppdriva på
øya og at det enno vil ta opptil to år før det vil bli
ledige tomter. Dette i ei tid der elevtalet i skulen og
barnehagen på øya er synkande og grunnlaget for
å oppretthalda eit akseptabelt skule- og barnehagetilbod
er på eit minimumsnivå. Dette skjer og i ei
tid der det er 19 månader til Finnfast opnar og kor
øya i framtida berre blir liggjande ein 15 minuttars
fergetur frå fastlandet på Judaberg.

Me er godt kjent med problemstillinga knytta til
manglande administrative ressursar i NMT- etaten i
kommunen, og at nødvendig reguleringsarbeid og
planarbeid av den grunn tek tid. Likevel er me av
den klare meininga at kommunen ikkje har råd til å
venta på ei ordinær og tidkrevjande saksbehandling
på grunn av manglande administrative ressursar. Då
vil det vera ein god investering for framtida å heller
gå ut på den private marknaden å leiga inn desse
tenestene.

Halsnøysamfunnet treng fl eire innbyggjarar og vil ta
imot einkvar ung busetjar med opne armar.
I tillegg treng rådmann Kongsvik og ordførar Nes
sårt til fl eire skatteytarar som kan gi klingande mynt
inn i ei slunken kommunekasse.