Fiskarson med meiningars mot

Han er venstreradikal og humanetikar, men har funne seg godt til rette i bedehusland.

– Finnøy er ei bygd som er prega av optimisme, framtidstru og toleranse, seier rektor ved Rygjabø vidaregåande skule, Magnus Mathisen.
– Få dykk ei utdanning. Eg har frose nok for oss alle! Meldinga
var klar frå fiskar Magnus Mathisen senior frå Tjongsfjorden på Helgelandskysten. Sjølv hadde han stått breibeint i den 22 fot store sjarken sin heile livet. Han hadde kjent på blodslitet, på naturkreftene, lukta av fiskeslo og ramsalt hav. Eingong hadde han kanskje ambisjonar om å bli noko meir i livet. Men slik blei det aldri. Han hadde fire munnar å metta. Men han ville annleis for ungane sine. Dei skulle få seg utdanning, ein jobb. Dei skulle bli til noko i livet. Og han fekk det som han ville. Eldstesonen vart lege, ein vart trygdesjef i heimbygda, dottera tok samfunnsvitenskapleg utdanning og den yngste av sønene hans, Magnus junior, drog til Oslo der han tok psykologi, mellomfag i nordisk og hovudfag i fiskerihistorie.
– Både mor og far hadde gode
evner, men dei fekk aldri høve til
å utvikla dei. Men det ville dei at
me skulle gjera. Difor fekk me
ikkje eingong vera med far på
fiske, enda me hadde lyst, fortel
Magnus Mathisen.

Tronge tider
I dag er Magnus Mathisen senior
død. Men kona hans, mor til
Magnus junior, er 85 år og bur
framleis på garden der Magnus
vaks opp saman med tre brør og
ei syster. Tjongsfjorden er ei lita
avsidesliggande bygd i Rødøy
kommune på Helgelandskysten.
Då Magnus Mathisen vaks opp
her, var det tronge tider og store
barnekull. Men folk var sjølvforsynte.
Det var fisk i havet, mjølk
frå kua og ull frå sauen.
– Me lagde til og med vår eiga såpe
av feitt frå slakta dyr, minnest
Magnus Mathisen.
Medan far hans var på sjøen
dreiv mora eit lite småbruk
på ti dekar dyrka mark.

Folk i husa
– Eg hadde ein god barndom, seier
Magnus Mathisen. Det var liv i bygda,
folk i husa og leikekameratar
i fleng. I dag er folketalet
halvert, gardane ligg aude
og husa står tome. Eit småbruk i
Tjongsfjorden kan gå for 300.000
til byfolk på jakt etter ein landleg
idyll.
– Det er prisen me må betala
for sentraliseringa, seier Mathisen.
Men barndomsheimen hans
skal ikkje seljast for spottpris til
byfolk. Bror hans, trygdesjefen,
bur der i dag.

Eit øyvær i havet
Sjølv om han har gjort søring av
seg, så er Magnus Mathisen
sterkt knyta til sine nordnorske
røter. På 70-talet, då Magnus
Mathisen var student i hovudstaden,
og kameratane hans i heimbygda
var oppteken av å kjøpa
seg eigen bil, gjekk dei fire Mathisen-
ungane saman om å kjøpa
seg eit øyvær i havgapet, ikkje
langt frå staden der dei vaks opp.
– Me betalte omtrent det same
som barndomskameratane mine
måtte gje for ein bil. Dei kunne
ikkje begripa kva me skulle med
eit forblåst skjær i havgapet,
einaste huset på øya var ei gammal
rorbu i forfall, fortel Magnus
Mathisen. I dag er han glad for
at det vart øyvær i staden for
Opel. Eigedomen er ei naturperle
og ein kjærkomen samlingsstad
for familien. Og havet bognar av
fisk.
– På Otervær ladar eg batteria
med ferie, familie og fiske, fortel
han.

Militærnektar
I 1970 kom Magnus Mathisen til
Oslo for å studera. Han tok forberedande
ved Universitetet i
Oslo, og hadde den eksentriske
filosofen Arne Næss som forelesar.
Magnus Mathisen vart ein
del av den venstreradikale rørsla.
Han var pasifist og militærnektar,
og tok jobb som miljøarbeidar
ved ein skule for gutar med
atferdsvanskar. I 1972 møtte han
Torhild Krikstad frå Toten. Ho
var hjelpepleiar og oppteken av
kvinnekamp. Dei gifta seg i 1974.
To år seinare kom dottera Kamilla
til verda. Den vesle familien
budde i ein bygard på Grünerløkka
i Oslo.
– Dette var ingen stad for eit
barn å vokse opp, fortel han. Så
i 1977 flytta familien til Tromsø.
Torhild utdanna seg til sjukepleiar
og Magnus tok hovudfag
i fiskerihistorie.

Utarma lokalsamfunn
Etter tre år i den nordnorske
byen, flytta familien til Ibestad,
ei lita bygd i Sør-Troms. Yngstedottera,
Ada, vart fødd medan
dei budde her. Magnus fekk seg
jobb ved Senja Folkehøgskule,
men den vart nedlagd etter fire
år, og skulen vart bygd om til
vidaregåande skule.
– Torhild jobba som lærar innan
helse og sosial, medan eg var
lærar i fiskerifag. Skulen hadde
fantastiske kvalitetar, men sleit
med elevrekrutteringa, fortel
Magnus Mathisen. Dei seks siste
åra på Ibestad var ein seig kamp
mot nedleggingstrugselen. Han
engasjerte seg politisk. Sat i
kommunestyret, starta lokalt SV-lag,
sat som vara til fylkestinget og
medlem i fylkesstyret. Men det
var vanskeleg, Endå eingong var
han vitne til utarminga av eit
lokalsamfunn. Då familien Mathisen
flytta frå Tromsø til Ibestad
i 1980 var det 2800 innbyggjarar
her, 17 år seinare, i 1997, var det
1600. Då kommunen fekk fastlandsforbindelse
på 90-talet,
trudde mange at den dystre
utviklinga skulle snu. Men det
skjedde ikkje.
– Kampen mot nedleggingstrugselen
forureina klimaet på
arbeidsplassen. Ei tid var det så
ille at eg tok lunsjpausen heima,
fortel Magnus Mathisen.

Til Finnøy
Så, ein februardag i 1997, sat han
og bladde i eit lysningsblad.
– Eg merka meg med ei 2.
gongs utlysning
på stillinga som
rektor ved Rygjabø vidaregåande
skule på Finnøy, og tok
bladet med heim til Torhild. Me
drøfta saka og vart einige om at
eg skulle søke, fortel han.
Dermed var kursen lagd. Han drog
til Finnøy for å ta skulen i nærare
augesyn. Rygjabø var eit ærverdig,
men falleferdig gammalt
bygg. Men han merka seg at det
var vakkert på Finnøy.
– Det var i februar. Eg kom frå
vinterland i Nord Norge til grøne
marker på Finnøy. Eg tok nokre
bilete for å ta med
heim til Torhild,
og fotograferte
blant anna nokre
høns som spankulerte
rundt på
grøne marker. Eg trur det bilete
gjorde utslaget, for Torhild var
ikkje i tvil. Ho ville sørover, og
på ein stad der hønene gjekk ute
i februar, kunne ho godt tenkja
seg å bu, fortel han. Dermed
flytta dei til Finnøy. To år seinare
vart skulen på Ibestad nedlagd.
Det vart kommentert på leiarplass
i Harstad Tidende då den
profilerte SV-politikaren gav opp
kampen for lokalsamfunnet og
flytta sørover.

For eigen maskin
Medan kona reiste med fly, kom
Magnus Mathisen til Finnøy for
eigen maskin. Saman med ein
kamerat la han ut på ferda frå
Sør-Troms til Finnøy i si gamle,
30-fots fiskeskøyte.
– Me brukte seks døgn. Det var
ein fantastisk tur, fortel han. I dag
har han gått over til plast, og er
den stolte eigar av ein cabincrusar
på 34 fot. Eller hytte på sjøen,
som mange kallar det.
– Det er ikkje ”fesk” her, så fiskeskøyta
selde eg. Dessutan er
det lettare å få kona med meg på
sjøen no. Å reise rundt i Ryfylke
med båt er fantastisk, og me er
mykje på fjorden, fortel han.

Ei suksesshistorie
Det stod ikkje så bra til med
Rygjabø vidaregåande skule då
Magnus Mathisen kom til Finnøy
i 1997. Men den nye rektoren var
full av pågangsmot og innsatsvilje.
-Også denne gongen kom eg
til ein nedleggingstruga skule,
men denne gongen gjekk det heldigvis
rette vegen, seier Mathisen
og fortel at første utfordringa
var å gjera noko med elevrekrutteringa.
– Skulen var fullt opp av elevar
som gjekk her fordi dei ikkje kom
inn andre stader. Berre 25 prosent
av elevane hadde Rygjabø som
primærskole, fortel rektoren. I
dag er det 85 elevar på skulen, 70
prosent av desse er ungdommar
frå Ryfylke. Alle har Rygjabø
som primærskule, og alle elevane
får gratis PC, skulebøker, ein
utanlandstur betalt av skulen,
samt kulturkort til alle arrangement
i samband med Kulturbyåret
2008. I 2002 flytta skulen inn
i nyoppussa, moderne, lokalar i
det gamle meieriet på Judaberg.
Økonomien er stabil, og skulen
er bygd opp som ei bedrift som
driv med banebrytande kråkebolleoppdrett
og omsetter 1,1
millionar kilo fisk i året. Ein eigen
fiskebutikk er tilknytta skulen,
og det er oppretta eit studentsenter
for helse- og sosialfag i Stavanger
og Haugesund med 10
tilsette og 400 studentar. Og då
resultatet frå elevundersøkinga
2008 kom, skåra Rygjabø vidaregåande
skule høgast på trivsel av
alle dei vidaregåande skulane i
Rogaland.
– Det har vore ei suksesshistorie,
og me er stolte over det me
har fått til, seier Magnus Mathisen.

Politisk aktiv
Han er framleis politisk aktiv, og
var varaordførar i ein periode.
Då den entusiastiske sosialisten
kom til Finnøy var det ikkje eige
lokallag for SV. Magnus Mathisen
tok affære, han budde tross
alt i Berge Furre sin heimkommune.
Ved kommunevalet i 2003
gjorde SV eit brakval, og fekk tre
mandatar til kommunestyret.
Magnus Mathisen fekk mest
slengarar av samelige lokalpolitikarar
i Finnøy.
– Frå valsendinga i Stavanger
vart det sagt at dette truleg var
finnøysamfunnet sin måte å
takka for at Rygjabø vart redda
frå nedlegging, seier Mathisen.

Modig mann
Magnus Mathisen er ein modig
mann. Ikkje berre har han stått
fram i tomatland og hevda at
Finnøy om ti år vil vera meir
kjend for kråkebollar enn tomatar,
men han er også ein humanetikar
i bedehusland.
– Eg vaks opp i ein kristen heim.
Men gudstrua mi forsvann med
napalmskyene i Vietnam. Eg
meiner me ta ansvar for eigne liv.
Ikkje satsa på høgare makter,
seier han. Å væra humanetikar
på Finnøy er ikkje noko problem.
– Eg har respekt for den kristne
trua, som er sterkt befesta i
Finnøy, og eg opplever ikkje
mykje svartsyn og mørkemenn.
Dei var kanskje her då buddhistmunken
vart forvist frå øya ein
gong på 60-talet. I dag opplever
eg Finnøy som ei bygd prega av
toleranse, framtidstru og mangfald,
seier han. Likevel beskriv
han det som ei sjokkarta oppleving
då han var på årsmøte i
handelslaget, og dei ba bordbønn
før maten.
– At det blir gjort i kristne
samanhengar har eg forståelse
for, men eg hadde ikkje forventa
bordbøn på eit årsmøte, seier
han.
– På Rygjabø syng me ikkje for
maten, seier han.

Stolt far
Fiskar Magnus Mathisen var på
sine gamle dagar svært stolt over
dei fire barna sine. Alle hadde
fått seg utdanning, gode jobbar
og eit godt liv. Kva meir kan ein
far ynskja seg i livet? Einaste skår
i gleda var ungeflokken sine
politiske og religiøse ståstader.
– Far var ein religiøs mann, og
politisk høgrevridd. Han sa ofte
at han var stolt over oss, men at
han aldri hadde trudd at han
skulle fostra opp fire humanetiske
venstressosialistar, seier
Magnus Mathisen lattermildt.