Eit klokt val

LEIAR

Forvaltningsstyret i Finnøy vedtok onsdag å
utsetja saka om å oppheva buplikta for bebygd
eigedom, den såkalla 0-konsesjonsforskrifta, i
Finnøy. Saka har vore ”ei varm politisk potet” som
har engasjert mange, og knapt noko politisk sak har
blitt diskutert meir intenst ute i dei mange små lokalsamfunna
våre det siste tiåret enn akkurat denne.

Saka er på ingen måte enkel og det er mange gode
argumenter som har kome fram frå både tilhengarane
og motstandarane av buplikta i kommunen vår.

Me er likevel av den klare oppfatninga at det er eit
klokt val det knappe fl eirtalet i Forvaltningsstyret
har gjort med bakgrunn i dei store utfordringane
som kommunen no står framfor.

Dette relaterer seg både til forhold knytt til samferdsel,
næringsareal og bustadtomter.

For sjølv om Senterpartiet og den raud-grøne alliansen
som har styrt kommunen dei siste 16 år no kan
inkassera ein politisk seier i denne saka, så har dei
på mange område vore svært så passive og fråverande
når det gjeld den viktige bustadpolitikken i
kommunen. Dette må ikkje minst dagens politiske
leiing med ordførar Kjell Nes i spissen no rydda
opp i og betala ein høg politisk pris for.

Difor er det etter vår meining lurt å leggja bupliktsaka
på vent ein periode og i større gard konsentrera
seg om å få på plass viktige samferdselspolitiske
løysingar og leggja til rette for nye bustadtomter og
nytt næringsareal. Med desse viktige infrastrukturelle
vilkåra på plass vil ein kunne hausta nyttige
erfaringar før bupliktsaka igjen kan bli sett på den
politiske dagsorden.

I så måte kan det og vera fornuftig å lytta til den
ungdommen som trass alt er kommunen si framtid
og som i seinare tid har gitt så klare og eintydige
signal når det gjeld den viktige bupliktsaka.