Eit klokt val

LEIAR

Det har naturleg nok vore eit stort engasjement rundt opplegget for det nye rutemønsteret i Finnøysambandet som no snart skal leggjast ut på anbod. Dette særleg etter at storparten av medlemene i fylkessamferdslestyret i sitt møte på Judaberg 2. september klart gav uttrykk for at dei meinte ferjeanløpa til Nedstrand burde kuttast straks Finnfast opnar.

No tyder det mest på at eit politisk fleirtal beståande av representantane frå Sp, Høgre og storparten av Ap sine representantar har snudd i saka,og vil gå inn for eit kompromiss der Nedstrand framleis skal ha daglege anløp også frå Judaberg når saka kjem opp på ny i fylkessamferdslestyret.
Me har ved fleire høve teke til orde for at det på generelt grunnlag er viktig at det nye Finnøysambandet framleis har daglege forbindelsar nordover mot kommunane Tysvær og Suldal. På same måten har me og full forståing for at den politiske leiinga i kommunen har som si primære oppgåve å sikra ein god og høveleg frekvens for alle øyane til og frå fastlandet på Judaberg der storparten av trafikken går.

Det er likevel viktig også å sjå heile ferjesambandet i eit større perspektiv relatert til både kostnader, drift og offentleg subsidiering. For det er eit faktum at både statlege og fylkeskommunale styresmakter ved fleire høve tidlegare har retta søkelyset mot den sterke subsidieringa av sambandet og tidvis også teke til orde for å ta bort ei av ferjene.
Dette historiske bakteppet er det viktig at våre lokalpolitikarar tek med seg inn i den oppheita diskusjonen rundt det nye rutemønsteret. Då kan det vera greitt å ha med seg gode naboar og medspelarar frå både Tysvær og Suldal kommune når ein skal gå på barrikadane for eventuelt å kjempa si sak i framtida.

For Finnøysambandet er ikkje eit ferjesamband berre for Finnøy kommune aleine.