Ein historisk milepel

LEIAR

I dag kan alle dagens generasjon finnøybuar heisa flagget
og feira at dei får vera med på det historiske øyeblikket
at øya Finnøy i realiteten er landfast. Sjølv om
det framleis gjenstår mykje arbeid både av teknisk og
sikringsmessig karakter før den vanlege trafikken kan ta
seg gjennom tunnelen, er dagen i dag likevel historisk.

Me som til dagleg etter beste evne prøver å ta pulsen
på dagleglivet rundt omkring i lokalsamfunnet merkar
ei tydeleg forventning og ein optimisme både hjå
einskildpersonar og det lokale næringslivet. Dette gjer
seg utslag i at kommunen vår blir meir interessant både
som bustadkommune og med tanke på bedriftsetablering
og til nye investringar i primærnæringane. I tillegg
vil det utfordra både det sosiale livet og dei mellommenneskelege
realasjonane når no fergene sluttar å gå.
Den gode drøsen under overfarten på ferga vil dermed
óg vera ein saga blott.

Me trur likevel at dersom einkvar finnøybu og det offentlege
blir seg sjølv bevisst og brukar tida fram til opninga
av Finnfast godt, er me trygg på at me kan ta vare
på både dei gode mellommenneskelege relasjonane og
vår eigen lokale identitet og kulturarv.

Difor er det viktig at me alle brettar opp ermane og
brukar det neste året godt fram til opninga av Finnfast.
Dette for å førebu oss på det som me alle håpar skal
bli eit stort og viktig steg framover for heile kommunen
vår.