Ein eller to skular?

LEIAR

Det bryggar opp til skulestid i neste formannskapsmøte
i Finnøy. Skulekrinsane Finnøy og
Talgje er slått saman, men førebels utan at
nokon av elevane er flytta på.

Det blir lagt opp til at Talgje-elevar, Finnøyelevar,
og det som måtte finnast av skulebarn
frå Byre og Bokn, skal samlast i felles klassar
til skulestart i august. Dersom dette skal skje,
må premissa helst vera lagde før jul, seier
kommunalsjef Reidulf Vignes.

Dette er i så fall fleire månader før dei undersjøiske
tunnelane opnar. Det kan argumenterast
med at dette er vel mykje hastverk, og
at elevane kan få gå der dei går i eit skuleår
til, før klassane går i hop. Motargumentet er
at Talgje-elevane er så få, at dei kan gå inn
i Finnøy-klassane utan at det blir nødvendig
å oppretta nye klassar. På den måten er det
pengar å spara – og pengar vil ein fattig kommune
helst spara så snart som råd.

Skuledebatten på Finnøy har både ei prinsipiell
side og ei distriktspolitisk side. Er det
ønskjeleg at elevar frå første til tiande klasse
går på den same skulen, slik kommuneadministrasjonen
legg opp til, med støtte frå Senterpartiet?
Eller er det ønskjeleg at dei minste
elevane går for seg, slik samarbeidskoalisjonen
med støtte frå SV legg opp til? Kor langt
frå kvarandre bør skulane i så fall liggja, når
dei – som her – skal dekkja det same inntaksområdet?
Er det rett distriktspolitikk å
leggja skulen for dei aller minste slik at det
som måtte koma til av skuleelevar frå Byre og
Bokn, og etter kvart kanskje også frå andre
øyar, må skyssast med båt til Judaberg, og
vidare langs landevegen via Ladstein til
Talgje?

Det er mange omsyn å ta. Det er sterke argument
som talar både for og mot begge alternativa.
Politikarane bør ikkje forhasta seg.