Ei verdinøytral påske?

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Debatten rundt kristendommen sin posisjon i den norske,skulen og elles i samfunnet har i vinter gått høgt,både i media og dei mange kommunestyra rundt omkring,i landet i samband med høyringsuttalen til dei,nye retningslinjene for KRL-faget. Blant dei aller fleste,kommunestyra i Rogaland har det vore brei tverrpolitisk,semje om å behalda KRL- faget slik det er i dag.,

På same tida har me sett skuleleiarar som med utgangspunkt

i dei nye retningslinjene og signala frå,kunnskapsdepartementet trekkjer i tvil grunnlaget for,å kunna gjennomføra dei tradisjonelle jule- og påskegudstenestene,av frykt for at ein skal såra elevar (og,kanskje mest foreldre) som har eit anna verdisyn.

Me ser også at det er desse menneska som på mange

ulike plan arbeider aktivt for å skapa eit sekulært samfunn,fritt for religiøse aktivitetar og markeringar.

Alle statistikkar og oversiktar viser at eit stort fleirtal av

det norske folk framleis er medlemmer av statskyrkja,og både døyper og konfi rmerer borna sine. Dei kraftige,signale som er kome frå kommune-Norge i samband,med KRL- faget og kristendommen sin posisjon,i det norske samfunnet bør sentrale styresmakter ta,innover seg. Her trur me visse politiske miljø i sentrale,strok av landet har undervurdert haldningane til den,kristne kulturarven og verdisynet hjå det norske folk.,Difor bør og einkvar pedagog og skuleleiar i dette landet,heller ikkje ha kvaler med å kunna gjennomføra,både jule- og påskegudtenester dersom dei ynskjer,det og har tradisjonar for dette. Læra om ei gul påske,med kyllingar, høner og egg blir ei påske basert på,feil kulturhistorisk grunnlag og utan innhald. Dersom,skular og barnehagar ikkje skal kunna formidla kva jul,og påske eigentleg handlar om, kan ein kanskje like,gjerne droppa både påske- og juleferien og heller gi,alle ein lang sommarferie i staden

Men ei slik endring trur me sit langt inne i dei fleste

politiske miljø.

God påske- basert på vårt kristne kulturhistoriske

,verdigrunnlag!

Publisert: