Ei sauehistorie frå farne tider

Erindringar – Marit Eike

Sauer er det over alt. Snille, rolige dyr, slik eg ser det. Men kjem han i ”olvelt” som me seier, har han vanskeleg for å overleva om han ikkje kjem seg opp.

Eg tenkte eg ville skriva om ein utruleg opplevelse angåande ein sau. Den sommaren eg var 17 år var eg i teneste hjå Rasmus Meling på Sør-Talgje.

Rasmus hadde eit utmarkstykke som vart kalla Lægene. Eg og drengen, han Osmund, var i veg der og luka ein åker. Etter ei tid fór Osmund bortetter, over ein steingard. Han hadde vel eit nødvendig ærend, vil eg tru.

Brått ropa han på meg at der var ein sjuk sau der. Eg sprang i veg. Og det synet som møtte meg, gløymer eg aldri. Sauen låg i ein liten skråbakke, med ryggen nedover og føtene oppover. Han hadde nok lege der i dagevis. Spent opp graset med føtene, som gjekk i ein boge. Det var også merke etter at han hadde lege først ca. ½ til 1 meter lengre borte. Merke etter kroppen og føtene, som også der hadde spent i ein bode att og fram. Me la merke til at på første plassen var nygras byrja å spira.

Han Osmund fór heim etter Rasmus, som kom med hest og slede. Me prøvde på å reisa sauen opp. Den kunne ikkje stå, den var heilt skeiv. Sidebeina og magen var heilt flat på sida den låg på. Ulla var delvis avfila, og det var stygge sår der det var flugemakk. På all den tida sauen har lege der, må me rekna med den var utan mat og vatn.

Sauen vart køyrd heim, og stelt vél med. Den var smurd med raud tjære der det gjekk an, for å halda flugemakken borte. Elles var den reinska så godt det let seg gjera. Sauen kom seg til hektene.

Året etter møtte eg Rasmus. Eg spurde: Korleis gjekk det med sauen? Rasmus svara: Tenkte eg skulle teke livet av den med det same. Men eg byrja stella den, og den kom seg til. Og i år har den fått tvillingar. Det høyrest heilt utruleg ut. Men eg hugsar det så godt som det skulle vore nå.

Korleis kunne den overlevd? Utruleg men sant.

Marit Eike