Det finst mykje kjærleik og varme i bedehusland

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Debatten rundt den mykje omtala Nordbø-saka på,Randaberg har gått høgt i media dei siste vekene, etter,at Stavanger Aftenblad slo ho stort opp i sine spalter.,Det har hagla med skjellsord og skuldingar mot både,enkeltpersonar og mot det intolerante og sneversynte,bedehusmiljøet. Dette i hovudsak frå personar som står,svært så langt borte frå det same bedehusmiljøet.,

Lat det vera sagt med ein gong: Me vil på det sterkaste

ta avstand frå mobbing og trakkasering av einskildpersonar,på grunn av deira seksuelle legning og på alle,andre område i samfunnslivet der personar blir trakkasert.,Men det er likevel eit langt stykke frå det å ta sterk,avstand frå denne type problemstilling til å karakterisera,heile bedehusmiljøet over det ganske land som,intolerant, kjøleg og snevert.

Me som har vakse opp i dette "bedehuslandet", kjenner

oss på ingen måte att i ein slik karakteristikk, slik me,kjenner det i dag. Også her har det skjedd ei utvikling i,retning av både respekt og toleranse for annleis tenkande,menneske. Dersom "du torer" å ta turen innanfor,bedehusveggene i ulike samanhangar blir du møtt,med både respekt, kjærleik, omsorg og varme slik me,sjeldan har sett det i alle dei andre fora som me også,har møtt gjennom eit langt liv innanfor idrett, kultur,og andre delar av det mangfald av organisasjonar som,finst.

Me møter oppofrande folk som kveld etter kveld, og

dag etter dag gjennom eit langt liv, har teke ansvar og,omsorg for borna våre i trygge og inkluderande miljø,utan å ta seg ei krone betalt. Gjennom dette har borna,fått ein ballast med seg vidare i livet som dei har sett,som verdifull, same kva livssyn dei elles måtte ha. Kanskje,er det dette som også er hovudgrunnen til at eit,tusental av tilreisande frå fjern og nær framleis ynskjer,å vandra i dette bedehuslandet?

Då er det også eit paradoks at jo lenger borte ein til

,dagleg er frå dette bedehuslandet, jo sterkare er meiningane,om det, og jo trongare blir det.

Publisert: