Dei raudgrøne pressar KrF mot høgre

LEIAR

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Dei første forpostfektingar mot eit nytt stortingsval i,2009 er i gong. Dei siste meiningsmålingan syner at,dersom det hadde vore stortingsval i dag så ville det,vore eit solid borgarleg fleirtal på Stortinget beståande,av dei fire partia Venstre, Kr.F, Høgre og Fr.P, kor både,Venstre og Kr. F vil vera i vippeposisjon.,

Både partileiar Lars Sponheim og Dagfinn Høybråten

har klart gitt uttrykk for at det ikkje vil vera aktuellt å,gå inn i noko regjeringssamarbeid med Framstegspartietmedan Høgre og Erna Solberg ikkje avviser eit,slikt regjeringssamarbeid.

Sjølv om det er sterke krefter i både Arbeiderpartiet og

Senterpartiet som gjerne skulle ha sett at Kr.F blei ein,del av den raudgrøne regjeringskoalisjonen etter valet,i 2009, så er det mykje som tyder på at avstanden,mellom dei tre regjeringspartia og Kr.F er i ferd med å,bli større enn nokon gong. Dette har ikkje minst dei to,viktige verdipolitiske sakene for dette partiet, nemleg,den nye eksteskapslova og saka om KRL-faget sin posisjon,i skulen, til fulle bevist.

Parallelt med dette ser me at det på det lokalpolitiske

planet er inngått eit forpliktane samarbeid mellom,nettopp desse fire partia, og me ser også interessante,dragningar i viktige politiske saker for dei to høgrepartiaFr.P og Høgre. Dette gjeld ikkje minst i alkoholpolitikkender det siste sjenkepolitiske forliket i,formannskapssalen syner interessante politiske utviklingstrekk,i ei meir restrektiv alkoholpolitisk retning,frå høgresida.

Dersom dette lokalpolitiske forliket også kan leggja

,føringar for det som kan skje på den rikspolitiske,arenaen etter stortingvalet neste haust, er dette svært,interessante utviklingstrekk. For me skal ikkje gløyma,at det nettopp var i Finnøy at det raudgrøne samarbeidet,fekk sin renessanse etter kommunevalet i 2003 og,blei eit eksempel til etterfølgelse også på det rikspolitiske,planet slik det framstår i dag.

Publisert: