Damelagssatsinga lagt i grus

I fjor haust kjempa dei ein innbitt kamp om opprykk til 3. divisjon, som først vart avgjort i siste seriekampen mellom dei to rivalane Mastra og Finnøy, med Mastra som vinnar. No har begge dei to klubbane måtte trekkja laga sine frå kretsserien for komande sesong.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Også eit forsøk på å slå dei to laga saman til eit samarbeidslag har stranda, og ein svært skuffa lagleiar i Mastra, Kjetil Finnesand, måtte i dag gå den tunge vegen å melda frå til fotballkretsen om at det ikkje blir noko seniorlag i damefotballen i Rennesøy og Mastra.-Eg trudde verkeleg at desse to klubbane no skulle fått til noko i saman. For med ein så profilert spelar og trenar som Grethe Elin Håvarstein, med erfaring frå spel i 1. divisjon og gode spelarar frå Finnøy, så kunne dette verkeleg blitt bra, seier ein skuffa lagleiar Kjetil Finnesand til ØP-nett.

Publisert: