Då skatearane inntok formannskapssalen

Dei seig godt ned i stolane rundt det ovale bordet i formannskapssalen. Deretter inntok dei ordførarstolen og henviste både rådmann og ordførar til ein plass lenger nede ved bordet. For dei følte seg særs viktige, dei seks skaterane som måndag etter skuletid fekk audiens hjå den ferske ordføraren, halsnøydama Gro Skartveit.Agendaen for møte var å prata om ein plass i Judaberg sentrum der dei kunne få driva på med skatehobbyen sin.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

-No blir me jaga bort over alt, både på kaien,ved KIWI-en på Faa og på Utsyn. Ja, til og med på skulen blir me jaga bort, fortalte 11-åringen Kristian Hovind.-Du e jammen møje betre du enn han derrane Kjell Neesen som ikkje brydde seg i det heile, sa ein nøgd Trym Amdal Kveane då han reiste seg frå ordførarstolen i formannskapssalen ved møteslutt.,

Les meir om møte mellom skaterane og ordføraren i papirutgåva fyrstkomande fredag.

Publisert: