Budsjetthonnør til vekstkommunar

LEIAR

Det skal lønna seg å veksa. Dette er eit av signala
Stoltenberg-regjeringa sende ut i statsbudsjettet denne veka.

Mange har vore opptekne av kva som kunne gravast
opp av den pengepolitiske og finanspolitiske verktykassa,
når finansministeren frå SV skal prøva å
styra den norske statsskuta med sikker hand gjennom
stormen som har piska seg opp i verdsøkonomien
desse siste vekene.

Rogaland er, ved sida av pendlarkommunane rundt
Oslo, den delen av kongeriket der folketalet skyt
raskast til vêrs. I så måte er dette budsjettgrepet godt
nytt for eit fylke som innan helse og transport og i
dei aller fleste samanhengar elles, er nettobidragsytar
til den norske fellesskapskassa.

Stavanger Aftenblad slår stort opp at Sandnes får 21
millionar kroner i ekstraordinære tilskot over statsbudsjettet.
Dette trengst i byen inst i Gandsfjorden,
der folketalet er dobla i løpet av dei siste 36 åra.
Det kostar å byggja heilt nye bydelar, med skular,
barnehagar, kyrkjer, helsestasjonar og annan infrastruktur
det moderne mennesket tek som sjølvsagt.
Når ein kommune veks ved at unge småbarnsfamiliar
etablerer seg, tek det mange år før dette slår
positivt ut på kommuneøkonomien.

Difor trur me det er eit rett grep regjeringa har gjort,
når dei premierer typiske tilflyttingskommunar som
Sandnes, Sola og Rennesøy gjennom ekstraordinære
tilskot. Rennesøy har erfart at det har vore heilt
avgjerande for kommuneøkonomien at dei har trekt
til seg mange ressurssterke andregongsetablererar, i
tillegg til økonomisk utarma småbarnsfamiliar med
studielån og bustadlån til langt oppover øyrene.

Rennesøy vil alltid vera den mest bynære blant
ryfylkekommunane. Det er slett ikkje sikkert Finnøy
greier å trekkja til seg dei ressurssterke andregongsetablerarane
som har berga kommuneøkonomien
gjennom vekstfasen i nabokommunen.

Alt tyder på at Finnøy om få år distanserer Sola,
Klepp og Sandnes målt i prosentvis årleg folkeauke.
Finnøy siglar opp som ein vekstkommune i elitedivisjonen.
Behovet for nye barnehagar og nye skular
vil pressa seg fram. Då kan statlege ekstrabevillingar
koma godt med.