Bønder og lærarar er like viktige

LEIAR

Den prekære mangel på lærarar i grunnskulen er
ei alvorleg nasjonalt problemstilling som det er all
grunn til å ta på alvor. Me høyrer om større skular i
sentrale strok på Austlandet som står i fare for ikkje
få nok lærarar og situasjonen er også alvorleg i vår
kommune. Ja, så alvorleg er den at det kan tvinga
seg fram ein ny strukturdebatt med påfylgjande
trugslar om nedlegging av grendaskular i kommunen.

Me skal ikkje gå inn i ein lang debatt om kvifor
rekrutteringa til læraryrket sviktar, men det er likevel
eit faktum at statusen til denne store og viktige
yrksesgruppa har blit gradvis svekka ute i opinionen
dei siste tiåra. I tillegg har den vanlege lærar fått seg
pålagt så mange andre oppgåver enn det som har
med den reint faglege kunnskapsformidlinga å gjera,
at det går ut over både trivsel og grunnlaget for å få
brukt læraren sin eigen realkompetanse i skulekvardagen.
Læraren i skulestova har i større grad fått ein
oppdragarfunksjon noko som det tidlegare var full
aksept for skulle vera eit foreldreansvar. I så måte
har heile vår foreldregenesrajon svikta og det er på
høg tid at ein rettar fokuset mot heimen si eigentleg
oppdragarrolle i dagens samfunn. Dette sjølvsagt i
nær dialog mellom heim og skule, men det må aldri
vera tvil om kven som har det overordna ansvaret
her.

Den seinare tida har debatten i det offentlege rom
vore mykje retta mot den sviktane rekkrutteringa
til både bondeyrket og læraryrket. I gamle dagar
var desse to yrkesgruppene ofte dei to viktigaste i
eitkvart lokalsamfunn. I dag ser me kva overordna
nasjonakle konsekvensar sviktane rekkruttering fører
til på detteområdet. I så måte er både bønder og lærara
i same båt og representerer heilt basale behov i
eitkvart samfunn.