Boknafjorden blir breiare

LEIAR

Rogaland er eit nasjonalt kraftsenter, både når det gjeld næringsliv og kulturliv. Ryfylke kan og bør ha ein sentral plass i denne dynamiske regionen.
 
Berre for eit par generasjonar sidan var det fjorden som var riksveg nummer ein. Boknafjorden batt ryfylkebygdene saman. Både med kvarandre, og med ”byen”. For høgsfjordingar og nedstrendingar, like så vel som jelsabuar og saudabuar: Det var aldri nokon tvil om ryfylkeidentiteten. Og det var Stavanger som var ”byen”.
 
Slik er det ikkje lenger. Nye bruer og nye tunnelar bind saman. Fjorden er blitt eit hinder, med mindre det går ei ferje. Ryfylke smuldrar av, i alle retningar. Høle er blitt ein bydel i Sandnes. Tradisjonsrike ryfylkebygder som Nedstrand og Vikedal blir trekte mot Haugesund. Frafjord og Dirdal har forlengst fått Ålgård som ny hovudstad. Undersjøiske tunnelar trekkjer Rennesøy og Finnøy endå kraftigare inn mot Stavanger – faktisk så kraftig at ordførar Ommund Vareberg definerer Rennesøy som ”Nord-Jæren med ein touch av Ryfylke.”
 
Det er sjeldan ein fordel å vera den ytterste utkant. Medan Ryfylke var sentralt i det gamle kommunikasjonsmønsteret, kan ryfylkebygdene aldri bli anna enn periferi i eit Nord-Jæren som ekspanderer sørover til Sirevåg, eller i eit Haugaland som strekkjer seg innover mot Åkrafjorden og mot Odda.
 
Dei seier det ikkje alltid høgt, dei som sit i kommunehusa i Haugesund, i Aksdal og i Ølen, men signala er tydelege om ein les litt mellom linjene. Den aukande todelinga av Rogaland, fører oftare og oftare til avmaktskjensle, irritasjon og frustrasjon i nord. Enten det er i politikk, i næringslivet eller i organisasjonsliv, så er bodskapen frå nord at Boknafjorden blir breiare og breiare, og Nedstrandsfjorden blir djupare og djupare.

Sett frå Aksdal, er Finnøy ein del av det Sør-Rogaland som alltid har fleirtalet bak seg når viktige linjer skal trekkjast i rogalandspolitikken. Tysvær-ordførar Harald Stakkestad har i sine snart tjue år i lokalpolitikken aldri har opplevd ein slik tverrpolitisk enighet i Tysvær formannskap som då dei tok opp den uventa utviklinga når det gjeld Nedstrand-ferja – ei ferje som kanskje er lite brukt, men som er ein viktig psykologisk link sørover for ein kommune som trass alt har meir enn tre gonger så mange innbyggjarar som Finnøy. Vil ein ha bil med seg, er dette faktisk den einaste vegen frå nord til sør mellom kyststamvegen og riksveg 13.

Finnøy-politikarane bør vera budde på Tysvær-politikarane vil kjempa med nebb og klør for å behalda Nedstrand-ferja, om det i eit større perspektiv og sett frå Finnøy kan virka aldri så irrasjonelt. Og Suldal-ordførar Torkel Myklebust støttar Tysvær-standpunktet fullt ut.

Dersom fylkespolitikarane står fast på vedtaket frå 2005 om at Nedstrand-ferjene skal kuttast, er dei med å gjera Boknafjorden endå breiare og Nedstrandsfjorden endå djupare. Gjer dei dette med støtte frå Finnøy, kan det skapa vondt blod mellom gode naboar.


Øyposten-kategori Debatt