Ballbingen i ny drakt

Den vel 10 år gamle ballbingen ved Finnøy sentralskule framstår i i ei ny og betre utgåve. Då elevane kom på skulen i dag, blei dei møtt av ei heilt ny og betydeleg forbetra kunstgrasmatte oppe i den 18×28 meter store ballbingen.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over 11 år gammel

På kort tid har både kommuneadministrasjonen og utearbeidarane ved NMT-etaten i kommunen snudd seg kjapt rundt, og oppgradert grunnforholda slik at ballbingen no framstår i ein langt betre forfatning.,Det er Finnøy Idrettslag som har seld overskotsrestar frå kunstgraset som nyleg vart lagt på Leikvoll til kommunen, og som dermed har gjort renoveringa mogeleg på så kort tid. Det er også dei tre anleggsarbeidarne som har gjennomført legginga av kunstgraset på Leikvol som har utført arbeidet i ballbingen.

Publisert: