 |
Hovudsida
Kva skjer?

Aktuelt
Marknadsplassen
Øyposten
Anna
|
|
Gjødselkumme på Steinnes sprakk
Jon Asgaut Flesjå, 15.03.10
Heile 400 kubikkmeter husdyrgjødsel rann ut, då ein gjødselkomme på Steinnes kollapsa like over klokka 09.00 i dag, måndag.
|
|
Store mengdar husdyrgjødsel rann ut då ein gjødselkumme kollapsa måndag morgon.
|
Bonde, Øyvind Hebnes, var i ferd med å gjera seg klar til ein bytur då han høyrde eit smell og blei møtt av store mengder husdyrgjødsel som rann over vegen og ned i eit dalsøkk kor det går ein bekk som renn vidare ut i Sandvika sørvest for Steinnesvåg. Store mengder gjødsel har difor blitt ført ut i sjøen. Hebnes opplyser at det var ein stålvaier som bind betongelementa saman som rauk og at elementa vart dregne frå kvarandre og brakk som ein konsekvens av dette. Både jordbrukssjef, lensmann og brannvesen kom raskt på plass, og det pågår no oppreinskingsarbeid og spyling av vegbanen, fortel Hebnes til Øyposten. Les meir i Øyposten si papirutgåve komande torsdag.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Kunne du tenkja deg å nytta deg av tilbodet om gratis psykolog?
Svar til no: 146
Ja: 53.42%
Nei: 46.58%
|
|