|
|
To arbeidsulykker i Sjernarøy 03.03.10 To bønder i Sjernarøy har påført seg alvorlege skader i samband med skogsarbeid.
-Eg var ute med motorsaga og skulle felle eit større tre. Foten min var plassert like ved sida av ein stein, og då treet falt slo det tilbake mot foten som vart klemt mellom enden på treet og steinen. To leggbein vart knust og ei stang er nagla fast i det eine beinet. Så no sit eg her med krykkjene mine og veit ikkje heilt kor lang tid dette vil ta, seier ein utolmodig sjernarøybonde. -Dette viser berre kor farleg yrke me bønder har, og at me aldri kan vera forsiktige nok og ta våre førehaldsreglar. -Det er mest slik at eg er litt flau over det, for eg er jo ein av dei som har gått på HMS-kurs i landbruket. Men eg er likevel svært glad for at gjekk så godt, seier leiar i Sjernarøy Bondelag Jon Arne Vadla. –Eg knepte til i frykt for at det var pulsåra som vår kutta og fekk rekvirert både ambulanse og legehelikopter. Dei meinte at situasjonen var så dramatisk at eg måtte koma til sjukehuset snarast råd. Difor fekk eg rask behandling, og no har dei lova meg at eg truleg vil bli heilt frisk att i armen. Les meir i oyposten.no
« Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||