Til hovedsiden
 
DI LOKALAVIS  torsdag 09. september 2010
Send oss dine tips!
 

  Hovudsida

   Kva skjer?


Nytt
Politikk
Næring
Samferdsle
Sport
Kultur
Kyrkje
Leiar/Debatt
Portrettet
Finn nyhet:

   Aktuelt
Bildeglimt
 
   Marknadsplassen
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   Øyposten
Abonnementsprisar
Annonsering
Fakta om avisa
Gratulasjonsannonsar
Kontakt oss
Redaktøransvar
Tilsette
Vær varsam-plakaten
 
Last ned avisa
Teikn abonnement!

   Anna
Lenker
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


I harnisk over nye ferjeruter
Hjørdis Halleland Mikalsen,  30.12.09

- Dette opplever me som eit løftebrot, seier Bjarne Bøe på Fogn. Frå 2. januar kjem nye ferjeruter, som reduserer opningstida til Fogn-Jelsa sambandet. Det er den tredje ruteendringa etter at Finnfast opna.

Frå 2. januar blir det nye rutetider for folk på fogn og nord i kommunen. (Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen).
-        Dette er dramatisk for oss som bur i den delen av kommunen som ikkje er landfast. Frå nyår vil ferjene gå frå Fogn 15 minutt seinare om morgonen, og siste ferja frå Judaberg vil gå klokka 23.15 i staden for klokka 24, seier Bjarne Bøe. Og legg til:
-        For dei som bur nord i kommunen, blir det endå verre. Då går siste ferja frå Judaberg klokka 21.45, seier Bøe som tok kontakt med trafikksjef Frode Barkved i Tide. Han svarer dette i ein e-post til Bjarne Bøe: ”forsinkelser og arbeidstidsbestemmelsene er viktigste årsak til endring av rutene. Du er sikkert klar over at det er en del reisetid til og fra Finnøy kommune for de som skal på jobb på ferjene. De ønsker ikke fritiden brukt til reising til og fra ferjene to ganger i døgnet. Barkved skriv vidare at fleire av dei tilsette kjem til å slutta om dette blir resultatet. Og at rekrutteringa til dette sambandet er vanskeleg.
-        Dette er dårleg av Tide. Klarer dei ikkje å drifta dette sambandet ut i frå dei ramane som fylke har gitt, så bør fylket lysa ut ein ny anbodsrunde. Me kan ikkje ha det på denne måten. Det blir feil når dei tilsette skal styra ferjerutene, då har dei politiske vedtaka ingen verdi, seier Bjarne Bøe.



Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Kunne du tenkja deg å nytta deg av tilbodet om gratis psykolog?
Ja
Nei
Svar til no: 146
Ja: 53.42%
Nei: 46.58%