|
|
Oppbyggjeleg blues ljoma mellom kyrkjeveggene Av Jonas Jørstad, 26.09.09 Mindre enn eit år etter førre musikalske besøk, var bluespastor Jon Ultvedt laurdag kveld tilbake på Finnøy. Som på den første finnøyturen i 2005, hadde han med seg det fire mann sterke Rev. John Band. Kvartetten leverte ein solid konsert i Hesby kyrkje.
Lydmannen var generøs med volumknappen. Leseplata på preikestolen stod og dirra, og pappbegeret på pianoet hoppa i takt med rytmane. Men kvar einaste tone som kom ut av høgtalarane, var rein og klokkeklår. I fleire periodar på 1990-talet var Jon Ultvedt misjonær i Colombia, utsendt av Misjonsforbundet. Tilknytinga til dette søramerikanske landet, som har mange venner på Finnøy, gjer at ingen bør bli overraska om bluespastoren og bandet hans kjem fleire turar frå Telemark til Ryfylkeøyane. Medan opningsfasen av konserten bestod av mykje kraftig musikk og desto mindre snakk, kom Jon Ultvedt sine pastorale eigenskapar betre til sin rett utover kvelden, etter at bandet hadde forsikra seg om at eventuell øyrevoks var blesen ut hjå tilhøyrarane. - Trua forsvinn ofte i ein heil del staffasje og misforståingar, lydde det frå bluespastoren, som ønskte å fokusera på kjærleikskapitlet i det første Korintarbrevet. Mot slutten av konserten, slo bluesmusikarane til med ein klassisk, amerikansk negro spiritual. ”There Is a Balm in Gilead” byggjer på tankane om at det skal finnast ein balsam som lækjer uro i sjela. Slik medisin er sikkert noko mange kunne ønskja seg iblant. Inspirasjonen er henta frå profeten Jeremia i det gamle testamentet. I nytestamentleg samanheng poengterte Ultvedt at det er Kristus som gir denne roen i sjela, og ikkje lenger balsam utvunne frå trea i Gilead-fjella ved Jordanelva. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||