Til hovedsiden
 
DI LOKALAVIS  fredag 30. juli 2010
Send oss dine tips!
 

  Hovudsida

   Kva skjer?


Nytt
Politikk
Næring
Samferdsle
Sport
Kultur
Kyrkje
Leiar/Debatt
Portrettet
Finn nyhet:

   Aktuelt
Bildeglimt
 
   Marknadsplassen
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   Øyposten
Abonnementsprisar
Annonsering
Fakta om avisa
Gratulasjonsannonsar
Kontakt oss
Redaktøransvar
Tilsette
Vær varsam-plakaten
 
Last ned avisa
Teikn abonnement!

   Anna
Lenker
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Polsk latterfrosk spreier seg

Av Hjørdis Halleland Mikalsen
,  26.09.08


Polsk-ætta latterfrosk spreier seg på Finnøy. For nokre år sidan tok ein gutunge med seg rumpetroll, truleg av arten rana ridibunda, frå ein ferie i Polen. Den høgrøysta frosken er nå å høyra i stadig nye vatn på øya.

Slik ser han ut, latterfrosken frå Polen som har busett seg på Finnøy. Dette biletet er teke i Hauskjevatnet av Svein Imsland for berre få dagar sidan.
Dette er eit svært interessant
og uvanleg funn.
Denne frosken høyrer
ikkje til i norsk fauna,
opplyser Norges fremste
amfibieforskar, Dag
Dolmen, til Øyposten.
No vil han til Finnøy for å
ta frosken i nærare augesyn.

Øyposten har i den seinare tida fått
fleire meldingar om uvanlege froskefunn
i området rundt Hauskjevatnet.

Lysegrøn ”polakk”
Først ute var Trond Spanne. Han
fortel at froskane truleg kom til
Norge frå Polen som rumpetroll for
kring seks år sidan.
- Dei vart frakta hit av ein gutunge
som hadde vore på ferie i
Polen, og som ikkje var klar over
konsekvensane av å setta levande
rumpetroll ut i Hauskjevatnet,
seier Trond Spanne som ved fleire
høve har observert den lysegrøne
”polakken” i området der han
bur.

Kvakkefoni
- Det er mange av dei, og dei lagar
mykje støy. Tidlegare i sommar
hadde me polsk konsert her kvar
kveld. Medan dei norske froskane
kjem med eit og anna kvekk, held
desse froskane ein sjau utan like,
det er reine kvakkefonien, seier
han.

Spanne trur dei er i ferd med å
spreia seg til fleire vatn på
Finnøy.

Også Svein Imsland observerte
den uvanlege frosken då han nyleg
var på tur ved Hauskjevatnet.
- Eg skjøna at dette var ein art
som ikkje høyrte heime i norsk
fauna. Det er viktig å gjera folk
merksame på at det er ulovleg å ta
med seg levande dyr over landegrenser.
Sjølv når det dreier seg om
noko så tilsynelatande uskyldig
som rumpetroll, seier den naturinteresserte
stavangermannen med
hytte på Reilstad.

Forskar vil til Finnøy
Imsland tok kontakt med den
kjende zoologen og amfibieforskaren
Dag Dolmen om funnet. Dolmen
jobbar til dagleg som førsteamanuensis
ved NTNU Vitenskapsmuseum
i Trondheim. Han vert
rekna som ein av dei fremste amfibieforskarane
i Norge. Froskefunnet
på Finnøy ser han på som svært
interessant.

- Då Svein Imsland tok kontakt
med meg, hadde eg vanskeleg for
å tru at det var sant. Og når eg no
får høyra at det er mange slike froskar
spreidd over eit stort område,
så er dette så spannande at eg definitivt
vil reisa til Finnøy for å studera
dei på nært hald, seier forskaren
entusiastisk.

Latterfrosk
Frosken er truleg av typen Rana
ridibunda, eller latterfrosk, som er
det meir folkelege namnet. I gytetida,
som er på vår og forsommar,
lager den svært mykje lyd.
- I gytetida held froskane formidable
froskekonsertar. Det er nok
det Trond Spanne har høyrt. Songen
kan høyrast ut som ein diabolsk
latter. Derav namnet. Det er
hannfrosken som syng for å lokka
til seg hoa, forklarer Dag Dolmen,
som ikkje trur at latterfrosken på
Finnøy kan gjera skade på norsk
fauna.
- Det reknar eg for svært lite sannsynleg,
seier han.

Kan bli utrydda
Men latterfrosken på Finnøy er
ikkje trygg. Styresmaktene vil han
til livs.
- Miljøverndepartementet er
ikkje begeistra for nye, innførte
artar som latterfrosken. Dette fordi
dei er redd for utkonkurrering av
norske artar eller spreiing av sjukdommar.
Nye artar blir ofte vurdert
utrydda, det kan også skje
med frosken på Finnøy. Men det at
han allereie har spreidd seg over
eit større område kan gjera ei
utrydding praktisk umogeleg. At
Finnøy er ei øy omringa av saltvatn
er også med på å tala latterfrosken
si sak. No høyrer eg at Finnøy snart
blir landfast med tunnell, og sjølv
om eg tvilar at froskane vil ta den
vegen til fastlandet, så går det an
å setja opp ferister inne i tunnelen,
som vil fanga frosken opp før han
kjem så langt, seier Dolmen.

Et brunsniglar
Vidare fortel forskaren at ein av
latterfrosken sine favorittrettar er
sniglar. Då melder eit viktig spørsmål
seg:
- Kva med dei plagsame brunsniglane?
Et latterfrosken dei? I så
fall tek folk på Finnøy vel imot den
nye tilflyttaren…
- Om ein latterfrosk kjem over
ein iberiasnigle, eller brunsnigle,
vil han ganske sikkert eta han opp.
Sånn sett er den eit nyttedyr, seier
Dolmen som håper latterfrosken
får opphaldsløyve på Finnøy.
- Så lenge han ikkje utgjer konkret
fare for finnøysk fauna, så bør
den få bli, seier Dolmen som kjem
til å følgje den nye froskestammen
på Finnøy i tida som kjem. Han
oppfordrar difor folk på Finnøy
som gjer observasjonar av latterfrosken
om å ta kontakt med Øyposten.


FAKTA OM LATTERFROSKEN

• Latterfrosken kan bli stor, heile
12–13 cm frå snute til bak.

• Dei et det dei kjem over av
insekt, edderkoppdyr, sniglar og
meitemark.

• Frosken er vanleg i Danmark,
Tyskland, Polen, Russland og dei
fleste mellomeuropeiske land.

• Eggelegginga skjer i byrjinga
av juni, og rumpetrolla utviklar
seg gjennom heile sommaren.
Rumpetrolla kan bli ganske
store, kring 50 til 85 mm, og blir
til froskar i august/september.

• Latterfrosken er ein nær slektning
av den norske damfrosken,
som er ein svært sjeldan og
utryddingstruga art i Norge.
Damfrosken, som vart oppdaga
i Norge i 1986, finst hovudsakleg
i Aust-Agder.





Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Har du tenkt deg på Tomatfestivalen?
Ja
Nei
Svar til no: 7
Ja: 28.57%
Nei: 71.43%