Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 27.05.2018

    Brenn framleis

    Då Øyposten reiste frå Ombo sundag kveld klokka 2300 var det framleis flammar å sjå to satder på øya. 

    Brannen blussa opp igjen fleire gonger og på fleire stader. Seint sundag kveld låg røyken som eit teppe fleire stader rundt Eidssund, og røyklukta var til tider intens. Så langrt er omlag 1000 mål skog svidd av.

    Det er ikkje meldt om personskadar, og heller ikkje på hus eller bygningar. Hyttefeltet på Havåsen blei evakuert i ettermiddag, men så lang ingen bustadhus.  

    På det meste deltok fire helikopter i slukkingsarbeidet, i tillegg til brannmannskap frå Hjelmeland, Rennesøy og Finnøy, sivilforsvaret og eit stort antal friviljuge. Klokka 2200 forlot dei to siste helkoptera Ombo. Oppvekstsenteret blei brukt som kommandosentral for naudetatane og andre som deltok i redningsarbeidet. Her blei det blant anna delt ut mat og drikke i stort omfang. Representantar frå kommuneleiinga ved fungerande rådmann Nils Petter Flesjå og beredskapskoordinator Eirik Christophersen var til stades for å bistå i arbeidet.  

    No er det sett ut brannvakter som skal overvaka utsette stader.

    - Dette er ein svært uhyggeleg situasjon, eg er nervøs for at brannen skal blussa opp igjen. Det er heilt sikkert at eg kjem ikkje til å sova i natt, seier Randi Westersjø.

    Brannsjef Einar Haga seier til avisa at det er ein stor utfordring med at brannenn stadig blussar opp.

    - Brannen kan ligga og ulma i bakken i lang tid, difor er me i beredskap heilt til det kjem regn. No skal me driva etterslukking, og det kan ta tid, spesielt viss dette veret held fram, seier brannsjefen.

    Øyposten kjem tilbake med meir informasjon fortløpande.