Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 27.05.2018

    Brannen blussar stadig opp

    Folk på Ombo førebur seg no på evakuering

    Foto: Iselin Gabrielsen

     

    - Me sitt klare og avventar instrukser frå brannvesenet. Brannen nærmar seg tettbygd strok, og folk er klare  til å foralta husa sine, seier Håkon Eide som er friviljug i det lokale brannvesenet på Ombo. Bustaden til Eide ligg omlag éin kilometer nord for Eidssund, og han antyder at det er snakk om mellom 20 og 30 bustader det kan vera aktuelt å evakuera. 

    I tillegg til tre helikopter og det lokale brannvesenet på Ombo, har det komme forsterkingar frå Sivilforsvaret på Sandnes.

    - Korleis vil du beskriva situasjonen på Ombo no?

    - Det me er mest bekymra for er all furuskogen. Ombo har svært mykje furuskog som er svært lett antenneleg, og som gjer denne situasjonen ekstra ufoutsigbar. Det er berre helikoptera me kan setta vår lit til i slukkingsarbeidet. Fleire gonger har me sett at brannen blussar opp igjen etter at den er slukka, dirfor har me vakter over store delar av øya. Eide fortel at det skal vera vakter ute i natt, og meste sannsynleg fleire netter framover. Fleire friviljuge lagar såkalla branngater for å hindra at brannen breiar seg over vegen,medan andre held vakt og dirigerer trafikken. Vegen til Eidssund er stengt, men det går an å køyra via Jørstad.