Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 17.11.2017

    Endeleg fiber i heile Finnøy

    I løpet av november skal, ifylgje rådmannen, kommunen signera avtalen med utbyggjarane. Det betyr at fiberen, for langt dei fleste i kommunen, er innan rekkevidde

    Tekst og foto: Oddbjørg M. Måland

    Etter eit grundig forarbeid der grendalaga har kartlagt interessa blant innbyggjarane, ulike informasjonsmøter, samt brei politisk einigheit, er det no klart at det blir utbygging av fiber i løpet av neste år.

    Todelt løysing

    Det er Lyse og Telenor som står som fiberleverandørar.

    - Me investerer eit millionbeløp for å bygga ut fiber fleire stader og øyar i kommunen, blant anna Halsnøy, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy og Eidssund. I praksis inneber oppgraderinga at rundt 450 bustader, hytter og nokre frå verksemder får eit betre og meir stabilt tilbod med hastigheit på opptil 500 Mbit/s på både opplasting og nedlasting, seier Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør i Telenor.

    Telenor ferdigstilte nyleg arbeidet med fiber-breiband til oppvekstsentra på Sjernarøy og Ombo. På bakgrunn av denne utbygginga kan Telenor vidareføra breibandet på ein rimelig måte til områda rundt, og i morgon er det klart at kommunalsjef Nils Petter Flesjå signerer avtalen med Telenor.

    Det er konsulentselskapet Bouvet som har innhenta tilboda. Utbygginga i Finnøy er basert på anbodsprosess i regi av kommunen, og Lyse Fiber skal i denne omgang byggja ut på Fogn og ein del av Finnøy, medan det er Telenor som er utbyggjar på dei andre øyane.

    Utvida økonomisk ramme

    Det vart i gjeldande økonomiplan avsett 10 millionar kroner til prosjektet med planlagt gjennomføring i 2017, men som blei forsinka inntil eit år. Rådmannen viser til kommunestyrevedtak i sist månad der utbygging av breiband på Finnøy sørvest, Fogn, Halsnøy, Eidssund, Kyrkjøy, Helgøy og Bjergøy vart endeleg vedteke. Eit førebels estimat på 15,5 millionar kroner ligg til grunn for vedtaket.

    Målet med prosjektet er å byggja ut og betra breidbansdekninga i heile kommunen, også dei ikkje- landfaste øyane, slik at innbyggjarane får eit raskare og meir stabilt internett. Dette er eit viktig tiltak kommunen gjer for å fremja bulyst og auka trivsel, slik det blir presisert i samfunnsdelen av kommuneplanen. Spesielt i forhold til kommunalt næringsliv vil dette kunne gi auka utviklingskraft, i tillegg til at hyttefolket må oppleva dette tilbodet attraktivt. 

    Nødvendig med samarbeid

    Eit aktiv samarbeid med innbyggjarane gjennom grendalaga, i forhold til den praktiske gjennomføringa slik som graving og tilrettelegging, vil gjera at dei kommunale midla rekk lenger. Jo større deltakinga i dette arbeidet er, jo meit fiber får ein for pengane. Eit slikt samarbeidet har ligge til grunn for å skaffa seg oversikt over interessa blant innbyggjarane for på den måten å kunne vurdera kundegrunnlaget for leverandørane.

    - På Fogn vil me etablera ein hovudtrase som fylgjer fylkesvegen rundt øya. Dette vil basera seg på graving og stolpestrekk. Me grev ikkje inn til kvar husstand, men langs traseen vil det leggast til rette for tilkoplingspunkt i form av skap eller stolpar som innbyggarane sjølve må grave seg inntil. Nokre av desse ligg nær tilkoplingspunkta, medan andre ligg lenger vekke, slik at det i mange tilfelle kan vera  ein god ide for naboar å avtala graving i fellesskap, seier administrerande direktør i Lyse Fiber til Øyposten, Ane Marte Økland Hausken.

    Heis flaget

    - Kva tenker du om det som no skjer?

    - Eg vil gå så langt å sei at me bør kunne heisa flaget i dag. Det er fantastisk at eit lite samfunn som vårt no får fiber, og sjølvsagt også dei andre øyane. Tenk kva dette betyr for lokalt næringsliv på øyane og alle andre som har behov. No må bretta opp armane og jobba saman og konstruktivt for å få dette til på ein så god og effektiv måte som mogleg. Som direktøren i Lyse her peikar på, må me sjølve grava grøftene frå hovudtraseen og inn til kvar husstand, i motsetning til i byane der Lyse grev heilt inn til tomtegrensa. Dette var blant anna ein del av føresetnadane for i det heile tatt å setta i gang prosjektet, seier leiar i grendalaget på Fogn, Kristoffer Østhus.

    Oppstart i mai

    - I område kor det i utgangspunktet er for kostbart å byggja infrastruktur på kommersielle vilkår, kan det slik som i dette tilfellet, vera mogleg å få til løysingar gjennom stå-på-vilje og samarbeid mellom kommune, innbyggarar og oss som utbyggjar, samt offentlege tilskot enkelte stader. Finnøy kommune har vore, og er, sentrale for at denne utbygginga no har blitt ein realitet. Me opplever jamt at støtte frå kommune og stor dugnadsvilje blant innbyggarar i grisgrendte strok, gjer at me faktisk kan få til krevjande utbyggingar på bygda, medan det kan vera vanskelegare å få til i asfalterte byområde, seier Økland Hausken.

    - Når startararbeidet?

    - Prosjektet har leveringsfrist 15.mai neste år. Me er snart i gang med prosjektering, og håper å komma i gang med graving av hovudtrase i desember. Salet startar i januar, og me planlegg eit salsmøte på Fogn, og eit på Mariero for hyttefolk som bur i Stavanger-regionen. Datoar for møta er ikkje sette ennå.

    - Kva med pris på prosjektet?

    - Me kan ikkje sei noko endeleg om prisar ennå, men dette vil vera klart ved salsstart, avsluttar administrerande direktør i Lyse Fiber, Ane Marte Økland Hausken.