Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 16.11.2017

    Pilt-Ola-prisen til Jon Arne Helgøy

    Hurtigbåtkaptein, bonde og fruktdyrkar Jon Arne Helgøy er tidenes første vinnar av Pilt-Ola-prisen.

    (Foto: Kristofer Ryde, Negative)

    Tekst: Håkon Jonassen Norheim

    - Nei, no får eg den eine prisen etter den andre. Eg må nok utvida peisen for å få plass, seier ein lattermild Jon Arne Helgøy til Øyposten.

    Han er tidenes første vinnar av Pilt-Ola-prisen. Ein pris som blir gitt til ein person som har bidrege til positiv utvikling i og for Ryfylke. Ifylgje statuttane skal vinnaren ha sett spor etter seg ved å tenkja nytt, og ved å våga å ta risiko. Den som vinn prisen skal også ha lukkast, og ha ei god forteljing i Pilt-Ola si and.

    - Eg trudde det var kandidatar som skulle ha denne før meg, men når dei har bestemt seg for det så må ein berre vera audmjuk og takksam for det. Men eg meiner heilt ærleg at det nok var andre som stod føre meg i køen, seier Helgøy, som også blei tildelt Reiselivsprisen for 2016 tidlegare i år.

    Desse kriteria oppfyller Jon Arne Helgøy til punkt og prikke, og juryleiar Eirik Moe hadde følgjande å seia om den energiske reiaren då han delte ut prisen.

    - Som Pilt-Ola sjølv viser du raushet i møte med alle, og du er ein dyktig historieforteljar og formidlar. Med di framferd er du slik eit framifrå døme på dette viktige aspektet i all næringsutvikling og -verksemd. Du har vist, gjennom ord og gjerning, at du er målbevisst, jovial, dyktig, morosam, prinsippfast, uredd, folkeleg og omtenksam.

    - Du er ikkje redd for å ta dei svake sitt parti, og vik ikkje frå deira side. Med ditt blide vesen, dei humoristiske kommentarane og din smittande latter, har du blitt ein mann av folket. Med di framferd og di verksemd bidreg du til det gode liv i Ryfylke. Ja, vinnaren av den første Pilt-Ola-prisen har allereie blitt ein levande legende, sa Eirik Moe.

    Pilt-Ola til Finnmark

    Ole Olsen Sangesand eller Pilt-Ola (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapa Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han var ein eventyrar, og er blant anna kjent for å ha gått til Finnmark til fots for å kjøpa tamrein som han tok med seg tilbake til Ryfylke.

    - Eg har lese om Pilt-Ola. Det var ein skoyar det då. Han skulle jo til Amerika, og enda opp med å snu i Beringsstredet for det ikkje var bru over. Han var ein eventyrar. Eg føler ikkje eg har vore nokon eventyrar. Men eg har hatt ein hobby som har vore ein jobb, kor eg har gleda meg over å treffa nye folk. At du skal få store prisar for det, må eg berre bukka å takka for, seier Helgøy.

    - Kva vil du seia til Viking-spelarane, som aldri har vunne noko som helst?

    - He-he, det har eg ingen formeining om. Eg har ikkje gjort mykje, seier han.

    - Kvifor trur du at nettopp du får denne prisen?

    - Nei, det må vel ha med dette skysslivet å gjera. Du veit, eg er den siste originalen i Ryfylke. Men det er positivt. Ein original er ein som er seg sjølv. Men eg følar meg litt einsam etter kvart, for det er ikkje mange likesinna, flirar han.

    60-meteren på Fister

    - Du får mange lovord av juryen. Korleis tykkjer kona di det er å vera gift med ein slik prisfangar?

    - Ho kommenterer det ikkje i det heile teke. Ho veit ho er gift med ein halvgalen mann, og det kunne fort gått andre vegen. Det må vera positivt at eg får prisar for å vera halvgalen, seier Helgøy.

    - Kva er neste pris me skal skriva om at du har fått no?

    - Nei, eg trur det held no. Det måtte vore om eg fekk diplom på 60-meteren på 17.mai på Fister. Elles ser eg ikkje føre meg noko anna, seier han.

    - Så om dei lagar ein klasse for hurtigbåtskipprar over 60 år, så har du god sjans?

    - Ja, då trur eg at eg ville hatt sjans til å nå opp, flirar han.

    - Føler du at du har noko til felles med denne Pilt-Ola?

    - Nei, eigentleg ikkje. Han gjekk til Russland og tilbake, og det lengste eg går er til postkassen, seier han.

    Det er mykje lått og løye med Jon Arne Helgøy, men det er ingen tvil om at han er ein seriøs og dyktig figur i Ryfylke. Etter at han starta med hurtigbåtdrift med Helgøy Skyssbåt i 1980, har mykje lagt seg til rette for han, skal ein tru hovudpersonen sjølv.

    - Det har alltid vore greitt å satsa eit steg om gongen, og teke nokre sjansar. Helgøy Skyssbåt har aldri vore størst i verda, og skal aldri bli det heller. Men det har vore utruleg kjekt å utvida og satsa litt alle desse åra, seier Helgøy, før han avsluttar:

    - Men det var prisverdig at du ringte.

    Det var Ryfylkealliansen som delte ut prisen, etter vurdering av ein jury som bestod av Eirik Moe, Tora-Liv Thorsen, Audun Rake, Leif Arild Steen og Geir Ims. Prisen er eit kunstverk av Svein Magnus Håvarstein. Det er ein bronsefigur av vandraren Pilt-Ola.