Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 14.11.2017

    (Nesten) slutt på salt i Finnøy

    Ei rekke fylkesvegar med låg trafikk blir frå denne vinteren ikkje salta.

    Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

    - Driftsentreprenøren vår kjem til å bruke sand i staden for salt på dei aktuelle vegane, fortel prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen i ei pressemelding.

    Frå første september tok Presis vegdrift AS over ansvaret for drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegar i 14 kommunar rundt Stavanger. Vegdirektoratet har bestemt at i alle nye driftskontraktar skal sand erstatta salting på ein del fylkesvegar.

    Dette gjeld vegar der det køyrer opp til 1500 køyretøy i døgnet.

    - Mellom anna av omsyn til miljøet har Statens vegvesen bestemt at me skal bruka mindre salt i vedlikehaldet av vegane. Me brukar sal på vegar med høg trafikk fordi saltet ligg og verkar lenger på vegen. Sanden forsvinn mykje raskare, fortel Kolnes.

    - Kva med trafikktryggleiken?

    - Kravet til friksjon, altså kor glatt vegen kan vera, er like strengt. Men me legg ikkje skjul på at det er litt verre for syklistar og rulleskiutøvarar. Det viktigaste er likevel at folk køyrer etter forholda, avsluttar han.

    I Finnøy kommune vil dette gjelda alle fylkesvegar på alle øyar forutan Fylkesveg 519 mellom Judaberg og Ladstein.