Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 13.11.2017

    Kan bli kåra til Norges finaste julatre

    Anna Mæland frå Finnøy til NM-finale i juletre.

    Tekst: Håkon Jonassen Norheim Foto: Tor Øyvind Skeiseid

    Laurdag var det kåring av Rogalands flottaste juletre på Bryne Torg, og 23 ulike produsentar stilte ut sine flottaste juletre. Der var kåringa gjort av ein folkejury som kunne stemma på nett, og ein kompetent jury, beståande av Dag Jørund Lønning (Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling), Kjell Arild Pollestad (Pater), Ane Mari Braut Nese (ordførar Klepp), Geir Pollestad (Stortingspolitikar) og Randi Birkeland ( Dalane Juletre).

    Begge juryane hadde 50 prosent innverknad kvar, og Anna Mæland frå Finnøy kom på andreplass i konkurransen. Det førte til at ho får sjansen til å representera Rogaland i NM-finalen som skal vera på Jørpeland på torsdag.

    - Viktig

    Der vil 15-20 finalistar møta, frå Norsk Juletre sine åtte lokalregionar. Sjølve kåringa er på Jørpeland torg klokka 15.30, og juryen består av Finn Schjøll (heile Norges blomsterdekoratør), Solveig Ege Tengesdal (Fylkesordførar i Rogaland), Magnhild Meltveit Kleppa (Fylkesmann i Rogaland), John-Anders Strand (dagleg leiar Norsk Juletre), Irene Heng Lauvsnes (Ordførar Strand) og Gerd Inger Aarnes (Skogselskapet). For tredje år på rad arrangerer organisasjonen Norsk Juletre kåringa beste juletre.

    - Og kåringa er etter eit år i Oslo, tilbake i Rogaland igjen. Rogaland er faktisk det fylket som produserer flest juletre i landet, for det milde vestlandsklimaet gjer fylket perfekt for juletredyrking, seier Svanhild Eggebø Spanne i Ryfylkealliansen, som er leig inn som prosjektleiarar for kåringa.

    - Kvifor vart denne konkurransen halden?

    - Det er for å setta fokus på dei ekte juletrea, og ein slik konkurransen vil vera viktig for juletreprodusentane. Drivkrafta for å vera med vil vera å skapa blest om dei naturlege trea i denne plastverda, seier Eggebø Spanne.

    Der vil finalistane som ikkje vinn, gå vidare til NM i juletrepynting den 11. desember i Eigersund.

    Frå i morgon klokka 09.00 kan folk gå inn på www.ryfylke.no og stemma på sitt favoritt-tre.