Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 09.11.2017

    Brann i Rygerdoktoren

    Sør-Vest politidistrikt melder på Twitter at det har oppstått brann i ambulansebåten Rygerdoktoren. 

    Hendinga skal ha skjedd like rundt klokka 10.00 i dag tidleg. Ifylgje Stavanger Aftenblad skal brannen ha oppstått like etter at båten la til kai ved Jorenholmen i Stavanger. Det var ein pasient om bord, som ifylgje politiet skal ha blitt frakta vidare i ordinær ambulanse. Dei melder at brannen truleg starta i ein lyarmatur og at alle skal ha blitt evakuert. Det var ingen personskader, og mannskapet er avhørt om hendinga. 

    - Me køyrer hurtigbåten Rygerfjord inn i ambulansefart på Judaberg ei lita stund. Brannvesenet har brukt brannsløkkingsapparat om bord i Rygerdoktoren, så den treng litt vasking. Det er ikkje noko gale med båten, så me har tru på at den kjapt skal vera tilbake i drift igjen, seier dagleg leiar i L. Rødne & Sønner, Lars Andre Rødne.