Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 09.11.2017

    Gir 2,5 millionar til nytt kyrkjeleg fellesråd

    Nye Stavanger kommune har motteke søknad om omstillingsmidlar til samanslåing av dei kyrkjelege fellesråd i dei tre kommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger. Den ynskjer dei å delvis løyva.

    Nye Stavanger har motteke 46,1 millionar kroner i tilskot som skal dekka kommunane sine kostnadar ved den føreståande samanslåinga. Tilskotet skal også dekka utgifter til samanslåinga av dei kyrkjelege fellesråda i dei tre kommunane. Fellesnemnda for kyrkjeleg fellesråd i Finnøy, Rennesøy og Stavanger har totalt søkt om 4,27 millionar kroner til samanslåingsprosessen. Prosjektrådmannen innstiller på at kyrkjeleg fellesnemnd i Nye Stavanger vert tildelt ein eingongsstønad på 2,5 millionar kroner.

    I søknaden, kor kyrkjeverja ber om totalt 4,27 millionar kroner, ynskjer dei å fordela midla på It-kostnadar, informasjon og kulturbygging, møtekostnadar, kurs, reiseverksemd, lønn prosjektleiar for samanslåing, drift av kyrkjeleg fellesnemnd, konsulentbistand og meir.

    Prosjektrådmannen vurderer denne kostnadsramma til å vera for høg og han visar til andre samanliknbare kommunesamanslåingar. Han skriv i saksutgreiinga at det statlege tilskotet til kommunesamanslåinga ikkje dekker alle kostnadane ved samanslåinga, og at kommunen må dekka vesentlege kostnadar og investeringa som direkte eller indirekte kjem som konsekvens av samanslåinga.

    - Nokre av kostnadane som vert tekne no, ville dei tre kommunane måtte gjennomført som investeringar i den nærmaste perioden uansett. Prosjektrådmannen går difor ut i frå at også dei kyrkjelege fellesråda er i tilsvarande situasjon, og meiner med utgangspunkt i dette at også dei kyrkjelege fellesråda må pårekna å dekka delar av samanslåingskostnadane innanfor gjeldande økonomiske rammer, skriv han i saksutgreiinga.

    I møtet i fellesnemnda den 6. november vart det vedteke med 23 mot åtte stemmar.