Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 08.11.2017

    Teken for cannabis

    Ein person i midten av tjueåra er mellom 8. september og dags dato teken av politiet for innehav eller oppbevaring av cannabis.

    To av desse gongene skal han ha blitt teken i Finnøy kommune, og den eine gongen skal det vera eit så pass stort beslag at politiet ikkje er i tvil om at det var for å selja.

    - Han er avhøyrt på dei forhold som han er teken for, og er også meld for å ha selt cannabis, seier politifø rstebetjent ved Ryfylkeøyane lensmannskontor, Torstein Tørresdal.

    - Kor alvorleg er dette?
    - All spreiing av narkotika ser me veldig alvorleg på, og me vil gå miljøet tettare i korta, seier Tørresdal.

    - Er det eit narkotisk miljø i Finnøy?

    - Narkotika er eit samfunnsproblem som finst over alt, og det vil vera naivt å tru at det ikkje finst i Finnøy også, avsluttar Tørresdal.