Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 02.11.2017

    Rådmannen sit på 26 millionar i «skjulte reserver»

    Rådmannen har klart å spara opp heile 26 millionar på dei sju åra ho har vore rådmann i Finnøy. Likevel innrømmer ho at det ville ha vore vanskeleg å fortsett som eigen kommune. Les om budsjettframlegginga onsdag, her.

    Det har kanskje vore lite kjent for den vanlege kvinne og mann i Finnøy, og kanskje også for enkelte politikarar. Men berre eit par månader før rådmann Ohm pakkar kofferten og stig ut av dørene på rådhuset, for å byrja i ny jobb som kommunaldirektør for oppvekst i Stavanger, lettar ho på lokket, og viser oss at i den kommunale pengebingen har ho klart å spara opp heile 26 millionar kroner i dei sju åra ho har vore rådmann i Finnøy. 

    No ser ho seg likevel nøydd til å bruka nokre få millionar av dette solide fondet,  frå eit kommunebudsjett som i 2018 vil passera heile 270 millionar kroner.
    -Eg synest dette er rimeleg bra. For då eg byrja i stillinga i 2010 var det berre 400 000 kroner att på dette disposisjonsfondet, smiler rådmann Ohm. Tydeleg tilfreds med at ho har klart å leggja opp så mykje pengar på den kommunale kistebotnen i si tid som rådmann i Finnøy.
    For trass i nedbemanning, omstruktureringar og tøffe omstillingstiltak i organisasjonen for å få ned driftskostnadane, har dei årlege overskota i kommunerekneskapen gjort sitt til at det har vore mogeleg å setja av pengar til eit slikt disposisjonsfond.
    Dei nasjonale føringane tilseier nemleg at kommunane bør ha som mål å ha eit overskot på drifta på 2 prosent kvart år.
    -No håpar eg at både den ferske rådmannen i Nye Stavanger, Per Kristian Vareide og Fellesnemnda, også vil  velsigna ein slik bruk av pengane våre, sjølv om eg ikkje heilt likar det, humrar ein blid finnøyrådmann. Det berre nokre få timar før ho skal leggja fram det siste kommunebudsjettet i si tid som rådmann i Finnøy.
    -Pengane frå dette fondet vil i hovudsak gå til å innfri dei politiske løfta om midlar til både nytt skyttarhus på Kvame, Nærmiljøanlegg i Sjernarøy, og til arbeidet med dei mykje omtala kultursogene i Finnøy, Fisterøyane og Sjernarøy, som no er under arbeid.

     

    Liten dramatikk i budsjettframlegget

    Det er ikkje lagt opp til noko form for dramatiske kutt i det framlagde budsjettet for Finnøy kommune, som rådmann Helene M. Ohm, presenterte onsdag ettermiddag. 

     -Dette er framleis eit veldig stramt budsjett som balanserer på ei stram line, poengterer rådmann Ohm ovanfor lokalavisa like før budsjettet går i trykken, og før deadline i lokalavisa.

    -Budsjettet er spesifikt retta inn i prosessen med Nye Stavanger, og det er såleis avsett midlar til både digitalisering av kommunale arkiv og anna type arbeid som har med dette å gjera.
    -I 2018 vil også Finnøy mista, eller ha fasa ut, det såkalla småkommunetillegget som mindre kommunar med færre enn 3200 innbyggjarar får.
    Innbyggjartalet i Finnøy har som kjent no passert 3250.
    Det nye inntektssystemet vil også føra til at kommunen gradvis får mindre midlar overført dei to neste åra, påpeikar rådmann Ohm. Den såkalla inntektsgarantiordninga «Ingar» vil kompensera noko for bortfallet av dette, men ikkje alt, og vil gradvis bli redusert. Likevel garanterer ho at den spesielle situasjonen som har oppstått i samband med dei mange nye pleietrengjande ved sjukeheimen, ikkje skal bli skadelidande gjennom eit stramt kommunebudsjett.
    -Sjølv om dette så langt i år indikerer eit meirforbruk på 1, 5 millionar kroner, er dette ein ekstra kostand som me berre må ta også neste år slik det ser ut no, slår Ohm fast.
    -Elles vil dei respektive etatane og avdelingane få dei tilnærma same rammene å halda seg til også for 2018, justert for den generelle prisstigninga.

                                       

     

                                        Hadde vore beintøft utan kommunesamanslåing

    -Men med ein solid slump pengar på bok, låg arbeidsløyse i kommunen, og ein skatteinngang på det jamne i forhold til samanliknande kommunar; Treng me då å slå oss saman i ein ny storkommune?  

    -Av økonomiske omsyn, -ja. Fordi drifta av kommunen no er skore ned til beinet og teke ned på eit minimum av det som er forsvarleg, slik eg ser det. Og om ein då ser noko lenger fram i tid, vil ikkje dette vera formålstenleg innanfor dei økonomiske rammene me blir tildelt, slår rådmann Ohm fast.

    I sitt budsjettframlegg peikar også rådmannen konkret på dei store utfordringane som ligg i rammeføresetnadane for budsjettet til neste år og i økonomiplanen for 2018-2019.

    -Finnøy kommune opplever ein betydeleg svikt i inntekter frå 2017 til 2018, og vil oppleve ein ytterlegare inntektsreduksjon i 2019 og vidare i økonomiplanen, slår rådmann Ohm kategorisk fast.

     -Difor trur eg det hadde vore beintøft for Finnøy å bli ståande att som eigen kommune. Mest fordi eg meiner at det ligg ein større buffer i ein slik større kommune. Det både i forhold til økonomisk sikkerheit, men truleg enno meir i forhold til å sikra innbyggjarane eit fagleg godt og breitt nok tenestetilbod i framtida.