Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 23.10.2017

    184.000 til UNICEF

    Finnøybuen ga totalt 184.148 kroner til UNICEF. Det gir om lag 57 kroner per innbyggjar.

    Årets TV-aksjon gjekk av stabelen sundag 22. oktober, og gjekk til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn i nokre av verdas mest konfliktfylte områder; Colombia, Mali, Sør-Sudan, Syria og Pakistan. Eit av fem barn i krigs- og konfliktområder er i dag utan skulegong. Når born i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt land si framtid på spel.

    Dette fann fram givargleda hjå oss nordmenn, og totalt måndag klokka 11.00 har aksjonen samla inn i overkant av 220 millionar kroner. Dette gir rett i underkant av 42 kroner per nordmann, og av dette er 95 millionar samla inn frå bøsseberarane.

    Finnøy kommune har totalt samla inn 184.000 kroner, noko som gjer rett i underkant av 57 kroner per innbyggjar. Dette gjer at Finnøy kommune ligg på ein 108. plass i landet, og  9. plass i fylket i givarstafetten. Totalt har bøsseberarane samla inn 100.000 kroner, medan næringslivet står for 23.807 kroner.