Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 19.10.2017

    Kan få støtte til bygging

    Ikkje av hus, men Enova støttar bygging av hurtigladar i Finnøy.

    I Finnøy kan ein aktør, både privat og offentleg, få stønad for å byggja ut éin hurtigladar til elbil.

    Enova skal nemleg tetta hol i det norske ladestasjonskartet, og dei tilby no stønad til bygging av hurtigladarar i 287 kommunar.

    - Enova har bidrege til 230 hurtigladarar langs hovudfartsårene mellom landsdelane, og i større byar byggast det no hurtigladarar utan offentleg stønad. Men mange andre stader har ikkje elbilsatsinga kome i gong, og no vil me setta fart på marknaden også på disse stadene for å gjera elbilen til eit reelt alternativ for ennå fleire, seier Enovas marknadsdirektør Audhild Kvam i ei pressemelding.

    Det finst tre ulike hurtigladestandardar, og Enova støttar berre såkalla trippelstandard-laderar. Enova opplyser om at dei kan støtta utbygging i kommunar som i dag har færre enn to lademoglegheiter for minst ein av dei tre hurtigladestandardane. Enova dekker 40 prosent av investeringskostnaden, med ei øve grense på 200.000 kroner per hurtigladar.

    - Me skal bidra til å framskunda utviklinga, og behandlar søknadane etter førstemann til mølla-prinsippet, seier Kvam.

    Ifylgje Enova kan både offentlege og private aktørar søka.

    - Me støttar gjerne den lokale bensinstasjonen, eller ein daglegvarehandel som ser at det kan vera kundar å henta på å tilby hurtiglading, avsluttar Kvam.