Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 16.10.2017

    Vil splitta kyrkje og bedehus

    Talgje bedehus innkallar til ekstraordinært årsmøte med forslag om å seia nei til utleie av bedehuset til den norske kyrkja.

    Ifylgje vedtekene for Talgje bedehus, høyrer bedehuset til kristenfolket på Talgje, som har velt å vedkjenna seg den evangelisk lutherske lære. I paragraf 2 i vedtektene står det også at formålet med huset er å samla folket til møter på evangelisk luthersk vedkjenningsgrunn.

    Styret i Talgje bedehus har no vurdert det slik at kyrkja, har brote med den evangelisk lutherske vedkjenninga ved å innføra ein liturgi for velsigning av likekjønna samliv. Styret har vurdert dette som vranglære. Samstundes vurderar bedehuset, at på grunn av at Finnøy og Talgje har fått ein prest som støttar dette vedtaket, at kyrkja ikkje no lenger kan ha sine arrangement på bedehuset.

    Av den grunn har styret valt å innkalla til ekstraordinært årsmøte for å drøfta denne problemstillinga i fellesskap. Styret sitt forslag er å seia nei til utleie av bedehuset til kyrkja sine arrangement. Saka vart lagt ut på Talgje bedehus sine Facebook-sider, og har naturleg nok vakt reaksjonar. 

    Det ekstraordinære årsmøtet er førstkommande onsdag.

    Øyposten kjem tilbake med både reaksjonar på nett og papir.