Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 12.10.2017

    Statsbudsjettet i Finnøy

    Slik påverkar statsbudsjettet ein finnøybu.

     Onsdag føremiddag la finansminister Siv Jensen fram Statsbudsjettet for 2018. Dette kan det bety for Finnøy og innbyggjarane her. 

    - Mindre skatt: Regjeringa føreslår nye skatte- og avgiftslette på til saman tre milliardar kroner, med bokført verknad på 700.000 millionar i budsjettåret. Skattesatsa på alminneleg inntekt vert redusert frå 24 prosent til 23 prosent for både selskap og personar.

    - Innslagspunktet for dei ulike nivå på personskatt vert auka. Det nest øvste trinnet vert auka frå 580.650 kroner til 598.050 kroner, medan det høgaste blir auka frå 934.050 kroner til 962.050 kroner. 

    - Aksjeeigarar skal berre måtte betala formuesskatt for 80 prosent av aksjens reelle verdi, og betyr ein skatterabatt på 20 prosent for dei som er i posisjon til å betala formuesskatt. I tillegg føreslår regjeringa fritak for eigedomsskatt på produkssjonsutstyr for å gjera det meir lønsamt for næringslivet å investera i og skapa nye arbeidsplassar i Norge.

    - Barnetrygda fortset å ligga på 970 kroner i månaden. Den har dermed verken auka eller blitt prisjustert på 22 år, ifylgje NTB.

    - Samstundes aukar maksprisen for ein barnehageplass til 2.910 kroner i månaden, med ei reell auke på 110 kroner per månad.

    - Kommunane får i underkant av 3,6 milliardar kroner av veksten i dei frie inntektene, medan fylkeskommunane får 200 millionar. 200 millionar av desse skal gå til tidleg innsats i barnehage og skule, 200 millionar til førebyggjande tiltak til barn, unge og familiar. 300 millionar til eit betre tilbod til rusavhengige og 100 millionar av veksten blir gitt som ei særskild fordeling til båt- og ferjefylka. Det skal bidra til eit betre ferjetilbod, investeringar i meir miljøvenleg teknologi og moglegheiter for nye oppdrag for verft og andre verksemder i kystfylka. Det er anslått at Finnøy vil få om lag 203 millionar i frie inntekter, ei auke på om lag to millionar kroner.

     

    - Det er ikkje løyva pengar til samferdsel i Finnøy, men det er løyva pengar til å byggja om Hanasand ferjekai som reservekai for Mortavika-Arsvågen. Samstundes er det løyva pengar til utbetring av ferjekaiane Hjelmeland og Nesvik, samt leggja til rette for landstraum på Mortavika og på Arsvågen.

    - Den lågaste momssatsen vert auka frå 10 til 12 prosent. Det betyr at det blant anna blir dyrare å reisa med ferje- og hurtigbåtar for finnøybuane. Ein betalar nemleg moms på persontransport. Det vil bety ei auke på om lag to kroner på hurtigbåten mellom Judaberg og Stavanger utan rabatt, og det same på ferjeturen mellom Helgøy og Judaberg.

    - Ungdommane kan ikkje spara meir i BSU. Maksimalt årleg skattebeløp blir fortsatt 25.000 kroner med eit maksimalt samla sparebeløp på 300.000 kroner. Det vert også same skattefrådrag som før på 20 prosent.

    - Rabatten for elbilar i firmabilskattlegginga vert oppheva. Fordelsskatten på ein gjennomsnittleg firmaelbil vil auka med om lag 20.000 kroner, medan brukaren av ein dyr firmaelbil får auka skatten med om lag 40.000 kroner.

    - Jobbreisene vert litt dyrare. Den nedre grensa for frådrag for reiser mellom heim og arbeid aukast frå 22.000 til 22.350 kroner.

    - Media i Norge får store kutt. Regjeringa vil nemleg innføra ei ny tilskotsordning og kuttar 25,7 millionar i produksjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmediar. Det skal settast av sju millionar kroner til ei ny innovasjonsretta tilskotsordning i 2018, som særleg skal rettast mot journalistisk innovasjon og digitalisering hjå lokalavisar.

    - Regjeringa føreslår å styrka Arbeids- og velferdsetaten med 70 millionar kroner for å vidareføra ungdomsinnsatsen. I alt er regjeringa sin nye ungdomsinnsats, som starta opp i 2017 tildelt 100 millionar i 2018, og skal no gjelda over heile landet. Innsatsen er retta mot personar under 30 år, som etter åtte veker med ledigheit ikkje er i arbeid, utdanning eller annan aktivitet.

    - Regjeringa fortset med tilskotsordningar for reduserte bompengetakstar utanfor dei store byområda i 2018. I statsbudsjettet for 2017 vart det sett av 500 millionar kroner til formålet, og i 2018 516,4 millionar. Førebels har ikkje Finnfast kvalifisert seg for å søka om nokon av desse midlane, men ting kan endra seg om dei etter kvart blir del av det store regionale bompengeselskapet Sørvest bompengeselskap.