Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 12.10.2017

    Stor auke i sosialstønad

    Talet på søknadar om sosialhjelp i kommunen er nær dobla samanlikna med året før.

    I løpet av fjoråret blei det til saman gjort 106 vedtak om kommunal sosial stønad, medan talet så langt i år er 174, seier leiar i NAV, Thorstein Pedersen.

    Like reglar

    Ein har rett til sosialhjelp når dei faktiske utgiftene ikkje står i forhold til inntektene.

    - Kven er det som søker om slik hjelp?

    - Det er fleire grupper som er ramma og auken kan skuldast mange ting. Me ser at om lag 60 prosent av utbetalt sosialhjelp er knyta opp mot flyktningar. Resterande er nordmenn, i tillegg til utlendingar som til dømes har jobba for kort tid til å få dagpengar og som framleis oppheld seg her. Det kan vera personar med låge trygdeytingar og som har rett på supplerande stønad. I tillegg har talet på arbeidsledige auka, me har folk som ikkje får jobb og som heller ikkje har rett på dagpengar. På grunn av relativt låg husleige i kommunen, utanom sentrum, har me ein del tilflytting av personar med dårleg betalingsevne. Det er spesielt dei siste par åra det har vore ein slik kraftig auke i talet på søknader om ulike former for sosialhjelp. Finnøy har i lang tid ligge svært stabilt på eit lågt nivå i forhold til økonomisk sosialhjelp, difor er denne auken ekstra merkbar no. Regelverket er likt for alle, uansett kor ein kjem ifrå, norsk eller flyktning, frå Syria eller Finnøy, seier Pedersen.

    - Er du uroa over utviklinga?

    - Nei, ikkje spesielt per i dag.

    Nytt regelverk

    Økonomisk vanskelegstilte kan søka Husbanken om bustønad. Ordninga er ein statleg stønad til husstandar som har høge bu-utgifter og låge inntekter.

    Frå januar i år endra Husbanken reglane for bustønad. Med det nye regelverket får ein bustønad for dei månadane inntektene er låge og ein treng stønad, og ikkje ut frå siste skatteoppgjer slik reglane var før. Den nye ordninga gir meir presise utbetalingar. 

    Bustønaden tek utgangspunkt i inntektene ein har i den aktuelle månaden det blir søkt stønad for. Søker du bustønad for januar, så vert inntekta for januar lagt til grunn. Ein vil med andre ord få bustønad for månader med låge inntekter, men mista stønaden i månadar med høgare inntekt. Dette har ført til ein stramare økonomi for mange, og vegen ut kan difor bli sosial stønad for å klara dei faste utgiftene.

    Kvar vaksen flyktning får utbetalt 12 800 kroner i introduksjonsstønad. Dette er meint som ei inntektssikring medan dei deltek på introduksjonsprogrammet. Programmet varer som regel i to år, men kan i enkelte tilfelle både forkortast og forlengast. For ektepar blir det dobbelt opp, det vil sei vel 25 000 kroner. Dei som har born får full barnetrygd, i tillegg til særordningar i folketrygda som flyktningar og asylsøkarar har krav på. Med ei slik inntekt har familien for høg inntekt og kjem såleis ikkje inn under Husbanken sin bustønad.

    Han held fram:

    - Kommunen har i tillegg gjort enkelte vedtak som generer sosialhjelp. I tillegg til gratis barnehage og SFO, får flyktningane gratis fyrstegongs tannbehandling som i mange tilfelle kan bli ganske kostbart, seier Pedersen.

    Høgt prisnivå i sentrum

    I Hagatunet leiger kommunen fire leilegheiter med tre soverom som dei vidareleiger til flyktningar. Kommunen opplyser til avisa at prisen per leilegheit er rett i underkant av 13 000 kroner pluss straum per månad.

    - Eg har sett på utleigeprisar på sentrumsnære leilegheiter i Stavanger som det er naturleg å samanlikna med i forhold til liggjestad og tal på soverom. Det er ikkje tvil om at prisnivået i Judaberg sentrum er høgare enn prisnivået i Stavanger, seier Pedersen.

    Kommunen har gjort eit politisk vedtak på at flyktningane skal busettast sentrumsnært.

    - Kva er sentrumsnært, kor går grensa?

    - Det finnes ikkje ein avgrensa og klar definisjon på sentrumsnært. Det har vist seg å opplevast svært subjektivt. Grunnen til at me ynskjer å busetta flyktningane sentrumsnært er sjølvsagt på grunn mangelen på offentleg kommunikasjon, og så langt eg veit har ingen av dei bil. Me vurderer i kvart tilfellet kva som er mest hensiktsmessig og kva som er rimeleg å kunne forventa.

    Eit raskt søk på finn.no viser at det no ligg blant anna to store einebustader til leige på Hauskje med fire soverom til høvesvis 8500 og 9000 kroner per månad. I tillegg er det ein leilegheit på 94 kvadratmeter i sentrum med tre soverom som ligg på 9.100 kroner per månad.

    - Kvifor leiger kommunen så dyre bustader når det er fullgode og større bustader til vesentleg lågare prisar tilgjengelig?

    - Me gjer ein vurdering av bustadsituasjonen i kommunen på tidspunktet når flyktningane skal busettast, og må sjølvsagt sjå situasjonen og kva som er behovet. Fyst ser me kva kommunen sjølv har tilgjengeleg og om det er ein egna bustad. Vidare har me ein avtale om leigerett med Rygerheim (Hagatunet), og til slutt blir den private marknaden vurdert, seier kommunalsjef Heidi Bleie Skeiseid.

    - Kor lang leigeavtale har kommunen med Rygerheim?

    - Me signerte i 2015 ein leigeavtale på 10 år, med opsjon på ytterlegare 10 år.

    - Viss "alle" skal inn i Judaberg sentrum er det dei som sitt på bustader i sentrum som kan pressa prisane, avsluttar leiar i NAV Finnøy, Thorstein Pedersen.