Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 12.10.2017

    Elbilar får avgiftsauke

    I sitt statsbudsjett for 2018 vil regjeringa innføra ei eiga avgift for elbilar. Det rammar dei tyngste bilane.

    Avgifta vil ramma nye eigarar av den dyraste Teslaen, Model X, som neste år må ut med over 70.000 kroner meir som fylgje av avgifta. Model S-eigarar må ut med nokre tusenlappar.

    I staden for ei vektavgift, føreslår regjeringa å fjerna fritaket for eingongsavgifta ved kjøp av dei dyraste elbilane, noko som berre slår ut for dei dyraste Tesla-bilane.

    - Regjeringa gamblar med elbilmarknaden, og handlar stikk i strid med Stortinget sine signaler. No må Regjeringa si avgiftsbombe stoppast i budsjettforhandlingane, seier generalsekretær i Norsk elbilforening Christina Bu i ei pressemelding.

    Norske politikarar har tidlegare vedteke verdas mest ambisiøse elbilmål, ved at alle bilar som blir selt frå 2025 skal vera nullutsleppsbilar.

    - Regjeringa gjer no det motsette av det Stortinge har bedt om, nemleg å komma med konkrete verkemidlar og tiltak for å nå 2025-målet, samt å halda kjøpsfordelane til minst 2020, seier ho ifylgje pressemeldinga.

    - No slepp Regjeringa i staden ei avgiftsbombe, som vil få store negative konsekvensar for den kraftige auken me må ha i elbilsalet dei neste sju åra. Dei føreslår rett og slett å avvikla det viktigaste verkemiddelet me har, fortset ho.

    Ho er bekymra for at signala som no vart sendt, vil skapa uro og usikkerheit i ein marknad som er svært sårbar.