Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 09.10.2017

    Slutt på kolonne

    Oppgraderinga av Rennfast-tunnelane er ferdig, og det er slutt på kolonnekøyringa etter lang, lang tid.

    Oppgraderinga av Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen har vara i fleire år. Først var det sikkerheitsutstyret som blei oppgradert, og i siste fase er vatn- og frostsikringa skifta ut. Siste fase starta 9. mai 2016, og no slepp frustrete bilistar å venta i kolonne-kø på Rennesøy og Mosterøy lenger.

    - Oppgraderinga har tatt lang tid, men no er me glade for at jobben er gjort. No har me fått tryggare og lysare tunnelar som tilfredsstiller strenge tryggleikskrav. Eg vil retta ein stor takk til trafikantane som har vore tolmodige, seier prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen i ei pressemelding. 

    Framover blir det berre vanleg vedlikehald. I løpet av oktober blir tunnelane vaska, og då blir også tunnelveggane kvitmala.