Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 29.09.2017

    Skifjell takkar av

    Dagleg leiar i Ryfylke Næringshage, Heidi Skifjell, har fått seg ny jobb og sluttar i stillinga etter 10 år. No fortel ho om korleis det har vore å vera både politikar og leiar i Næringshagen, om små forhold og kva ein eventuell etterfølgjar må ta tak i.

    Den energiske og positive dama starta i jobben som dagleg leiar i Ryfylke Næringshage (tidlegare Finnøy Næringshage) i april 2007. Den gong var det ei nyoppretta stilling ho gjekk inn i, ei stilling ho på mange måtar har vore med på å forma i løpet av dei siste ti åra. No får ein eventuell etterfølgjar eit par store sko og følgja.

    Skifjell har nemleg fått jobb i næringsavdelinga i Fylkeskommunen, som rådgjevar for HP Næring. HP Næring står for handlingsprogram næring, og stillinga hennar går ut på å forvalta pengar frå departementet, ta i mot søknadar og synleggjera prosjekt som får pengar. Ikkje heilt ulikt stillinga i Ryfylke Næringshage, men ennå meir spissa.

    - Det er inga vidareføring av denne stillinga, men eg tek med meg kunnskapen og erfaringa frå Ryfylke Næringshage. Her har me vore mottakarar av HP Næring i fleire år, og Næringshagen har spissa ein del av sine satsingar og fått midlar frå denne potten. Blant anna til havbruksparken på Talgje. No kjem eg i alle hovudssak til å følga opp slike prosjekt som får pengar, fortel ho.

    Arbeidet rundt ein Næringshage på Finnøy starta allereie tidleg på 2000-talet, gjennom konsulentfirmaet Finnova. Der jobba ein gjeng med konsulentar med forretningsutvikling og etableringstilbod til folk som ynskja å starta bedrifter. Det var stort sett privat næringsliv som stod bak initiativet, og Elise Lunde i Finnøy Økonomi var ein sterk pådrivar.

    Har vekse

    Lunde var også ein pådrivar då det lokale næringslivet søkte om å komma med i næringsprogrammet til SIVA (Selskap for industrivekst) i 2006. Den gong var det 30 kommunar som søkte, og to som kom med, kor litle Finnøy var ein av dei. Dei stilte igjen krav om at kommunen måtte vera med, og kommunen saman med 20 aksjonerer i privat næringsliv kjøpte aksjar i Finnøy Næringshage.

    - Då eg vart tilsett her var det fire bedrifter i lokalane. No har me vekse til 14. Me har utvida lokalitetane våre, og laga eit veldig godt cluster. Arbeidsmiljøet i næringshagen er unikt. Me har jobba godt med oppstartsbedrifter, og det har vore trafikk her frå dag ein. Framover no bør me søka om å bli det mest innovative landbruks- og havbrukskontoret i heile Norge. Ein av dei kanskje største oppturane mine var i 2012, då me gjekk frå å vera nummer 287 i nærings NM, til nummer 35. No har me festa oss blant dei 100 beste i landet. Det går blant anna på talet av nyetableringar i ein kommune, seier Skifjell.

    - Kvifor har det auka så mykje?

    - No har gründerane og andre verksemder ein plass å gå i motsetnad til før. Eg trur nok 150-200 stykk har kome innom her dei siste ti åra. I tillegg har jo Finnfast gjort at folk har turt å satsa litt, seier ho.

    Det er ein travel jobb i Ryfylke Næringshage, og Skifjell fortel at ho mest ikkje har hatt tid til å rydda pulten dei siste ti åra. Noko av det som gjer det så travelt, er at dei heile vegen må kvalifisera seg for nye næringshageprogram hjå Siva. Først var det fire år med det første næringshageprogrammet, så fekk dei fire nye år.

    - Det siste programmet me no har kvalifisert oss for er eit tiårig-program, kor me berre skal jobba med eksisterande næringsliv, i tillegg til at me skal fortsetta å samlokalisera bedrifter. Frå 2018 er det fullt fokus på å jobba med det eksisterande næringslivet, og her har me fått på plass fire veldig gode verktøy for å få det til å veksa. Næringslivet blir då målbedrifter i Næringshagen, og må setta seg heilt konkrete mål og ha ambisjonar om å veksa, seier ho.

    - Styrka Næringshagen

    - Du nemnar nærings-NM i 2012. Er det det største du har oppnådd i di tid her?

    - Det er nok ikkje det største, men då det skjedde i 2012 var det ein stor motivasjon til å jobba vidare. Det eg er stoltast over å ha oppnådd er å vidareutvikla dette clusteret her på huset. Eg føler eg har vore med på å styrkja Næringshagen, og vore med å gått i bresjen for å utvikla metodar og verktøy for alle Næringshagane i Norge.

    - I tillegg til at me har teke eit samfunnsansvar med å arrangera Tomatfestivalen, kor me har jobba veldig mykje gratis. Det har me gjort for at Tomatfestivalen er utruleg viktig for Finnøy. Eg er også stolt av arbeidet me har gjort ute i grendalaga, kor me har laga desse handbøkene, som eg håper kommunen vil bruka vidare, seier Skifjell.

    Ho nemner også Rymat, som i dag består av 18 matprodusentar, som vart starta i regi av Ryfylke Næringshage. Det er ingen tvil om at det vil være store sko og fylle etter austlandsdama. I alle fall ikkje når stillinga som dagleg leiar i Næringshagen på mange måtar har vore forma rundt Skifjell.

    - Det blir ikkje enkelt for ein ny person å komma inn og ta over, sjølv om eg absolutt ikkje har jobba åleine. Eg har hatt dyktige tilsette og me har me utvikla oss saman. I ei leiarstilling må ein jobba meir enn her lokalt. Det er næringshageprogrammet og Siva som styrar mykje av det me skal jobba med, og det er rett ut av programmet om me ikkje gjer det. Då mistar Ryfylke Næringshage 1,2 millionar. Jobbar ein ikkje godt no, kan det vera på hovudet ut allereie neste august, seier Skifjell og legg greitt press på ein eventuell etterkommar.

    - Så du vil vera med å bestemma kven som skal inn?

    - Ikkje kven som skal komma inn, men eg håpar eg kan vera med å rådgje kva kompetanse den personen som kjem inn treng, seier ho.

    Vil ha kommunen meir med

    30. november er siste dag i Ryfylke Næringshage, før ho startar å pendla frå heimen på Halsnøy til Stavanger. Det betyr at ho har rundt to månadar igjen på å landa alt før ho trer av i stillinga. Det innrømme ho at kan bli utfordrande.

    - Den største utfordringa for Næringshagen er å få vidare støtte frå Siva, i tillegg til at det er viktig å bli godt etablert i den nye storkommunen. Med tanke på det siste må Finnøy kommune mykje meir med enn dei har vore til no. Administrasjonen i kommunen har hatt lite dialog med næringshagen. Det gjeld politisk også. Kommunen kunne nok nytta næringshagen som ressurs i endå større grad, meiner ho.

    - På kva måte då?

    - Mellom anna under budsjettet i fjor bestemte politikarane seg for å redusera tilskotet til Næringshagen etter anbefaling frå administrasjonen, utan at det vart dialog om kva me kunne gjera for kommunen. Det kjente eg at gjorde noko med meg.

    Dobbelroller

    -  Men du sit jo sjølv som politikar i kommunestyret?

    - At eg hadde rolla som næringshageleiar og kommunestyrerepresentant vart her vanskeleg. Når dei fleste partia ønskte å redusere støtta til næringshagen vart det slik fordi me hadde eit felles budsjett.  Det siste året har nok næringshagen fått meir positive tilbakemeldingar frå Stavanger kommune, både politisk og administrativt. No er ein av dei største utfordringane til Næringshagen å greia å styrkja seg i den nye storkommunen, og det bør skje politisk her i frå. Her må me bygga det mest innovative landbruks- og havbrukskontoret i landet, og det får me ikkje til om politikarane ikkje står på, seier ho.

    - Du er partnar med Gro Skartveit, som var ordførar i førre periode. Klarte du å balansera rollene dine då?

    - Me prøvde begge å vera bevisst rollene våre. Noko som førte til at eg i den perioden tok meir kontakt med administrasjon enn før. I tillegg var varaordføraren med i styret i næringshagen, sjølv om det til vanleg er ordføraren som sit der. På dette området hemma det nok både Gro og meg at det var slik.

    - Men folk har vel kanskje tenkt tanken, at du har vore både leiar i Næringshagen, bur saman med ordførar og vore i kommunestyret for Venstre. Har du fått tilbakemeldingar på det?

    - Nei, men det kan godt vera folk har tenkt det. Då skal dei i alle fall vite at eg har prøvd så godt eg har kunne å vera bevisst på rollene mine, men det har ofte vore vanskeleg å teia. Det er ikkje få lesarinnlegg eg har arbeid med som ikkje har blitt sende fordi det hadde vore feil i forhold til rollene mine, innrømmer ho.

    Slutt som politikar

    - Har du nokon gong vurdert å trekka deg som politikar på grunn av rollene dine?

    - Ja. Dei to siste vala har eg stått sist på vallista fordi Venstre som andre parti i Finnøy treng folk til å stilla på listene sine. Eg har likevel blitt valt inn. No, når me skal inn i Nye Stavanger, ynskjer eg ikkje å fortsetta som politikar, fortel Skifjell.

    - Men kan du jobba i Fylkeskommunen og sitta som lokalpolitikar i Finnøy?

    - Du kan, men du skal helst ikkje. No sit eg ut perioden, seier ho.

    - Du sit i mange rollar, og har sikkert mange tankar rundt denne kommunen. Syns du den blir for liten med tanke på relasjonar mellom innbyggjarar, politikarar og kommune?

    - Spør du meg som leiar i Næringshagen?, lurar Skifjell.

    - Nei, eg spør deg som privatperson?

    - Ja, det gjer det. Difor seg eg på det som ein stor fordel å komma inn i Nye Stavanger. Det vert større og meir fagleg miljø både politisk og administrativt, noko som vil tene folk i Finnøy. Eg trur og det vil vera ein stor fordel i ein ny kommune at dei ulike aktørane ikkje har så mange «hattar» også når det gjeld relasjon mellom politikarar og ulike aktørar/privatpersonar, seier ho.

    - Har du sjølv opplevd kritikk for noko av det du har gjort i samband med Næringshagen?

    - Nei, aldri. Eg har heller fått skryt, innrømmer ho. Mellom anna av enkeltpersonar som eg har fått lov til å møta og hjelpa i deira verksemd i mitt virke. Eg har nok vore til hjelp for ein del, men eg har og fått mykje tilbake. Det har vore eit privilegium for meg å møta så mange flotte enkeltpersonar i jobben min.

    - Har du trua på ein Næringshage også inn i Nye Stavanger?

    - Ein Næringshage er eit distriktstiltak, og eg har teke det opp med Siva. Dei har svara at sjølv om Finnøy snart heiter Stavanger, så flyttar ikkje øyane seg. Me har alltid hatt ein profil som har omhandla landbruk, havbruk, lokalmat og reiseliv. Dette er område som dagens Stavanger har sagt dei trenger å utvide

    Styret i Ryfylke Næringshage skal ha styremøte om vegen vidare i neste veke.