Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 28.09.2017

    Finnfast skal vaskast

    Onsdag 4. og torsdag 5. september blir Finnfast stengd mellom 20.00 og 06.00 grunna vasking av tunnel.

    - Det vil vera ledebil gjennom tunnelen, men du må nok rekna med litt venting i blant, seier byggeleiar Tor Gabrielsen i Statens vegvesen.

    Sundag 1. oktober startar Statens vegvesen vask av teknisk utstyr i lokale tunnelar. Elleve tunnelar står for tur. Finnfast skal vaskast onsdag 4. oktober og torsdag 5. oktober mellom 20.00 og 06.00. 

    - Tunnelvask er viktig for trafikktryggleika. Me vaskar naudutstyr, vifter og lys, forklarar Gabrielsen.