Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 27.09.2017

    Kommunestyret i Hjelmeland snudde

    Kommunestyret i Hjelmeland forkasta vedtaket frå formannskapet om å innlemma heile Ombo i Hjelmeland. I staden vedtok dei å halda på dagens grenser på øya, men med ein open invitasjon til Finnøy-sida av øya.

    Det var knyt stor spenning til kva vedtak formannskapet i Hjelmeland angåande grensejusteringa på Ombo, etter at formannskapet i kommunen tidlegare denne månaden hadde vedteke å innlemma heile øya i kommunen.

    Ombobuen på Finnøy-sida har gjort det ganske klart i tidlegare Øyposten-sakar, at dei i alle fall ikkje ynskja å bli del av Hjelmeland. Dette verka det som om politikarane i Hjelmeland hadde fått med seg, for då Sven Vestersø (Ap) gjekk på talarstolen beklaga han delvis det vedtaket som vart gjort i formannskapet. Han ynskja likevel å lytta til Hjelmeland-sida av Ombo.

    - Om me som folkevalte ikkje vil ta i mot deira utstrekte hand, gjer me ikkje jobben vår som representantar velt av folket. Formannskapet sitt vedtak har skapa reaksjonar på Ombo, og det vedtaket er ikkje eit godt vedtak. Eg kan ta ein stor del av skulda for det, men mitt hjarta bankar for Hjelmland, og dette er ein god kommune å veksa opp i. Difor ynskja me å visa finnøybuen på Ombo at dei var velkomne her. Dette kom diverre feil ut, og det beklagar me, sa han frå talarstolen.

    Han føreslo difor at gjeldande kommunegrenser mellom Finnøy og Hjelmeland framleis gjaldt, men ga i tillegg eit tilbod om at heile Ombo kan bli ein del av Hjelmeland. 

    Les meir i neste vekes utgåve av Øyposten.