Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 19.09.2017

    Konkurs kan få konsekvensar

    Avfallselskapet RenoNorden opplyste måndag at dei ville slå seg konkurs med direkte verknad. Det får konsekvensar for avfallshentinga i Finnøy.

    RenoNorden har vore RYMI sin leverandør av innsamling av avfall, og er no altså konkurs. Ifylgje ei pressemelding er situasjonen tysdag morgon uavklart, og siste melding frå RenoNorden er at dei har gitt sjåførar beskjed om å møta til vanleg tid for å køyra ruter.

    - Me må no venta på avklaring frå konkursbuet før me kan sei kva som skjer vidare. Det kan bli stans i hentinga av avfall dei neste dagane, men me arbeidar for å løysa situasjonen så raskt som mogleg, skriv Rymi i ei pressemelding.

    Rymi har inngått ein avtale med selskapet Renovasjonen IKS samt Suldal Renovasjon, som gjer at dei kan overta innsamlingsordninga midlertidig ved ein konkurssituasjon. Avtalen går ut i frå at selskapa får overta RenoNorden sitt personell og bilar i området, slik at innsamlinga kan fortsetta som  i dag med kortast mogleg stopp i drifta.

    - Kva gjer ein med søppelet ved ei eventuell forseinking?

    - Abonnentar som opplev forseinka henting, skal la behaldarar/sekk stå framme til dei er tømte. Skulle det gå nokre dagar før det blir tømt, og restavfallsbehaldar blir full, kan ein nytta ein ekstra avfallssekk. Denne skal knytast godt igjen og settast ved sida av den fulle restavfallbehaldaren. Eventuelt kan ein samla nytt avfall i poser og levera dette til gjenvinningsstasjonen, opplyser Rymi.

    Ein av tre ramma

    Totalt er 150 norsk kommunar ramma av konkursen i avfallsselskapet Reno Norden. Selskapet har lenge slitt økonomisk, og 6. september blei det starta eit arbeid der målet var å avbryta ni ulønsame kontraktar, utan at ein klarte å nå ein tilfredstillande løysing.

    Selskapet melde ifylgje e24.no i august i fjor at selskapet hadde inngått ei rekke anbodskontraktar i Skandinavia som selskapet ville tapa på, og selskapet skulda på ein reknefeil. Etter kvart som månadane gjekk blei situasjonen verre og verre, og selskapet kom stadig med nye meldingar om tapsavsetningar og problem.

    RenoNorden har handtert avfallet frå ein av tre norske husstandar.