Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 18.09.2017

    Vareide blir truleg ny rådmann

    Fellesnemnda i Nye Stavanger kommune innstiller på at Stavanger-rådmann Per Kristian Vareide også blir ny rådmann i Nye Stavanger. 

    Fellesnemnda i Nye Stavanger vedtok i sitt første møte den 28. august at stillinga som prosjektleiar/rådmann skulle lysast ut blant dei tre rådmennene i Stavanger, Rennesøy og Finnøy. Rådmennene fekk moglegheit til å søka innan freista 6. september. Intervjuteamet mottok søknad frå ein av rådmennene, Per Kristian Vareide. 

    Han er 54 år, og har vore rådmann i Stavanger kommune sidan mars 2016. Før det var han rådmann i Grimstad kommune i tre år. Han er utdanna sivilingeniør frå NTNU innan industriell økonomi og held for tida på å avslutta ein master i Offentleg revisjon. Før han blei rådmann var han i tre år fagsjef for leiing i KS. 

    Ifylgje rekrutteringsteamet, som har bestått av Christine Sagen Helgø (H og leiar av teamet), Jostein Eiane (KrF), Kari Nessa Nordtun (Ap), Tor Bernhard Harestad (FrP), Henrik Halleland (KrF), Odd Bleie (Sp), Britt Marie Kloster (tilsettrepresentant), Jo Fougli (tilsettrepr.) og Synnøve K. Christensen (tilsettrepr.), framstår Vareide som open og engasjert i intervjuet. Han beskriv seg som analytisk og kommunikativ i leiarstilen og viser korleis han vil fylle rådmannsrolla i Nye Stavanger.

    Rekrutteringsteamet har oppsummert og vurderar at Vareide vil vera godt eigna, både til å leia etableringa av og til å vera ny rådmann i Nye Stavanger. Dei anbefalar samrøystes at Vareide blir tilsett som prosjektleiar/rådmann. 

    Saka blir lagt fram for fellesnemnda førstkommande onsdag.