Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 14.09.2017

    - Må vera oppmerksame

    Arne Linndal sitt 11 år gamle barnebarn måtte kasta seg i grøfta då ein stor SUV-liknande bil kom i mot han då han var på sykkeltur. – Bilistar er nøydde til å vera oppmerksame på syklistar, seier Arne.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    Det var laurdag kveld at barnebarnet til Arne Linndal var ute og sykla rundt Finnøy. 11-åringen, som ikkje er busett her til vanleg, er ofte på sykkeltur rundt øya når han er på besøk hjå farfar. Men denne laurdagen opplevde han noko dramatisk.

    I området mellom Hesby Barnehage og Ladstein Bygg kom det plutseleg ein stor svart bil mot han. 11-åringen, som sykla på høgre side av vegen, opplevde at bilen starta å svinge over mot hans side av vegen, og følte etter kvart at han ikkje hadde nokon anna moglegheit enn å kasta seg både seg sjølv og sykkelen ut i grøfta for å unngå å bli påkøyrd.

    Farfaren, som like etter ringte han for å gi beskjed om at det var ein kamerat som venta i huset, fekk beskjed om at 11-åringen ville snakka med han om noko då han kom heim.

    - Han kom heim og fortalte meg at han hadde hatt ei ubehageleg oppleving, og fortalte meg om hendinga. Han hadde skrubbsår på begge knea, og eit stort skrubbsår på ryggen, eit på albogen samt eit forstua handled. Det er ein tøff gut, som er vane med å spela  ishockey, men eg merka at han var litt oppskaka av det heile, seier Linndal.

    Delt 48 gonger på Facebook

    - Det var vel kanskje farfar også?

    - Eg vart nok litt forbanna, ja. Og eg trur det gjorde godt for han å sjå farfar sin reaksjon på det heile, seier han.

    Linndal har publisert eit innlegg på Facebook, som i skrivande stund har blitt delt 48 gonger.  Han trur ikkje bilisten gjorde dette med vilje, heller at han var litt uoppmerksam. Linndal ynskjer heller ikkje å ta denne sjåføren, men han kunne gjerne tenkt seg å fått ei unnskyldning til barnebarnet, og bede han om å vera meir forsiktig.

    - Eg ynskjer generelt å bevisstgjera bilistar på å vera oppmerksame på syklistar. Særleg her på Finnøy, kor det ikkje er gang- og sykkelveg. Eg har sjølv sykla ganske mykje, og hatt eit par ubehagelege opplevingar, seier Linndal.

    11-åringen går det likevel bra med, og han er oppe på sykkelsetet igjen.