Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 14.09.2017

    Strengare reglar for hummarfisket

    Absolutt alle som skal fiska hummar i år må registrera seg før fisket startar.

    Hummerfiskesesongen nærmar seg med stormskritt. 1. oktober kastar ei mengd finnøybuar ut hummarteinene i håp om å fanga eit par delikatesser til middagsbordet. Men framføre årets sesong er det strengare reglar for hummarfiske. Blant anna inneber det at absolutt alle som skal fiska hummar må registrera seg før fiske startar. Dette gjeld både fritidsfiksarar og fiskarar som er registrerte i Fiskermanntallet.

    - Det er viktig å få innhenta betre kunnskap om bestandsstorleik og beskatningstrykk i hummarfisket, og eg oppfattar at det brei semd om dei nye tiltaka, seier fiskeriminister Per Sandberg.

    Ifylgje NRK vil direktør i Fiskeridirektoratet, Aksel Eikemo likevel ikkje snakka om nokon sanksjonar for dei som ikkje gjer dette.

    - Me håpar at dette også er i fiskarane si interesse. Det er ikkje noko ris bak spegelen på dette, og eg ynskjer ikkje å snakka om sanksjonar på dette tidspunktet. Me reknar med at aktørane forheld seg til regelverket, og noterar numra dei får på teinene sine. Ordninga vert prøvd ut denne sesongen, så får me evaluert det i etterkant, seier Eikemo til NRK.

    Det er mogleg å registrera seg via Fiskeridirektoratet sine sider, og dei som registrerar seg for fiske vil få eit unikt deltakarnummer. Alle hummarteiner skal ha minst eit vak som er tydeleg merka med deltakarnummeret.

    Påmeldinga gjeld berre for inneverande år, men det vil bli lagt opp til gjenbruk av deltakarnummer for dei som også melder seg på fisket neste år.

    Hummarteiner skal også frå og med i år røktast minst ein gong per veke, og det blir innført rapporteringsplikt for hummar som oppbevarast i sjøen i desember. I 2018 vil det også bli påbod om nedbrytbar bomullstråd i hummarteiner.

    Frå 1. oktober klokka 08.00 kan ei fanga hummar over heile landet, og i Rogaland er det lov å fangsta til og med 30. november. Det er berre lov å fiska hummar med teiner som er tilpassa hummarfiske, og hummar teke med annan reiskap skal settast tilbake i sjøen.

    - Minstemål for hummar er 25 centimeter i heile landet.

    - Som fritidsfiska kan ein fiska etter hummar med inntil ti hummarteiner per person og per båt. Det betyr at om fleire personar fiskar frå same båt, eller om ein person fiskar med fleire båtar, kan ein uansett ikkje bruka meir enn ti hummarteiner.

    - Hummarteina skal minimum ha to sirkelforma fluktopningar, med ei opning på minimum 60 millimeter.