Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 01.09.2017

    Arbeidsløysa aukar i august

    Ifylgje nye tal frå NAV er det heile 28 prosent færre arbeidslause i august i år i forhold til same tid i fjor. Likevel har arbeidsløysa auka med 44 prosent sidan juli.

    Den totale arbeidsløysa i Finnøy er no på 2,1 prosent av den totale arbeidsstyrken. 39 personar er no heilt ledige ifylgje tal frå NAV. Det er heile 15 færre personar enn i fjor på same tida. Arbeidsløysa aukar likevel med 44 prosent frå juli månad, då det var 27 personar som var heilt ledige. Ifylgje Thorstein Martin Pedersen i NAV Finnøy, har det ei naturleg forklaring.

    - Det er ein kombinasjon av permitteringar i fiskeindustrien, og ei ordinær auke av personar utan arbeid, seier han.

    I Rennesøy er den totale arbeidsløysa på 2,8 prosent, noko som er ein nedgang på 21 prosent frå same tid i fjor. Totalt i Rogaland er den totale arbeidsløysa no på 3,8 prosent, og sidan i fjor er det 2158 færre som er heilt utan arbeid.