Tips oss: | Send e-post
Publisert 08.02.2013

Fakta om Øyposten

ØypostenØyposten er ei lokalavis for Ryfylkeøyane. Primært dekkjer Øyposten øyane som høyrer til Finnøy kommune. Avisa har nær 1400 abonnentar. Øyposten kjem ut kvar fredag, og har 48 utgjevingar i året.

Øyposten over til å bli eit sjølvstendig aksjeselskap hausten 1999, etter at det hadde vore eit kommunalt informasjonsblad i tida frå 1970.
Redaktør er Jon Asgaut Flesjå. Avisa har fire tilsette.

Nettutgåva er meint som eit supplement til papirutgåva, ikkje som eit alternativ til papirytgåva.

Det vil alltid berre vera ein liten del av artiklane frå papirutgåva som blir gjort tilgjengeleg i den opne nettutgåva. Ved å abonnera på pdf-utgåva får ein tilgang på det same redaksjonelle innhaldet og dei same annonsane som er i papirutgåva.