Tips oss: | Send e-post

Publisert 24.04.2018

    Jevetispe med hi og ungar oppdaga i Suldal

    Sauebønder frå både Halsnøy og Finnøy som årleg har sauene sine på fjellbeite i Røldal- og Suldals-heiane, har tidvis lidd store tap dei siste åra. Observasjonar tyder på at det har vore ein jerv på ferde i området.No har statens Naturoppsyn for fyrste gong i moderne tid oppdaga jerv som har ungekull på Veslandet. Og det til og med i Suldalsheiane

    Det er NRK, Hordaland som meldte dette i går, måndag. Det var på fredag at jegerar frå Statens Naturoppsyn (SNO) på oppdrag frå Miljødirektoratet felte ein hannjerv som skal ha gjort stor skade på beitedyr både i Suldal kommune og i Røldal i Odda kommune dei siste åra, opplyser NRK Hordaland.Jegrane fann spor etter dyret i Vinje i Telemark, og vart deretter skoten frå helikopter. Ei stund etter kom også jegerande på sporet av ein annan jerv, som styresmaktene ikkje visste var i det same området. Sidan det er yngelsesong for jerv, er det er faste rutinar for å bedøva dyret først. Då for å unngå å avliva eit ho-dyr som har ungar.Dette dyret vart så skote i Bykle i Telemark og påmontert ein radiosendar No tyder radiosignala på at ho har hi i eit lite tilgjengeleg område i Suldal, skriv NRK, Hordaland på sine nettsider.
    -Dette er så vidt me veit første gongen i moderne tid at det er registrert ei tispe med ungar i dette området. Det speiselle er at det skjer yngling i eit område der ein ikkje ynskjer ynglande bestandar av jerv, opplyser Lars Bendik Austemo i SNO.
    No har SNO fått i oppdrag å å følga opp for om mogeleg å avliva tispa og ungane, sier Austemo til NRK.

    Årsaka er at ein ikkje ynskjer at ein jervebestand skal etablera seg i Rogaland-Hordaland.
     Sist det vart felt ein jerv i Suldalsheiane var på byjinga av 1970-talet.

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.10.2018 - 23:23
    5A2BE6B9-0A2B-459E-B88C-E356BCEFBDC2.jpeg

    Historisk sus over øyafotballen på Kvitsøy

    Av Jon Asgaut Flesjå

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen i over 50 år,og i all hovudsak på det aller lågaste nivået i divisjonsfotballen.Lørdag ettermiddag,derimot,møttes Kvitsøy og Finnøy til noko så skjeldan som ein opprykkskamp .Det spesielle var også at begge dei to øyalaga var klare for opprykk til 5.divisjon alt før kampen starta.Då med Kvitsøy som puljevinnar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 22:27
    jubel-fil.jpg

    Tre poeng på overtid

    Finnøy venta lenge med å avgjera kampen mot Stavanger 2, men Jarle Sigbjørn Risanger Eike dundra inn sigersmålet i det 92. minuttet.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 16:21
    freya mjølsnes.jpg

    Freya tok NM-gull

    Freya Njølsnes frå Finnøy tok gull i 15-årsklassen under NM i terrengløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.10.2018 - 20:46
    DSC_2823.JPG

    Språknøytral - men utan nytt kommunevåpen

    Nye Stavanger skal ikkje bruka 10 millionar på nytt kommunevåpen

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.10.2018 - 06:51
    1EA7909A-F66D-4026-A065-5D8D9BD69CBD.jpeg

    Ein tøff kamp mot klokka og regnet

    Det flotte været dei to siste dagane, har ført til at slåmaskinane og rundballpressa har gått døgnet rundt med håp om endeleg å kunne få berga ein 3.slått

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.10.2018 - 08:30
    nils petter flesjå.jpg

    Flesjå på sikker plass

    Nils Petter Flesjå er nummer 5 på Høgre si liste til kommunevalet i 2019.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.10.2018 - 11:06
    092a6794.jpg

    Treng bøsseberarar

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.10.2018 - 20:16
    259787ED-7C10-4FF7-93F6-A3CF22118A17.jpeg

    Tomatgartnarane får fritak for CO2-avgift

    Den viktige tomatnæringa i Finnøy og Rennesøy,og heile veksthusnæringa elles her i landet,får likevel fritak for CO2-avgifta .Det var i samband med utarbeidingen av sjølve innhaldet i regjeringsplattforma til den nye trepartiregjeringa at det blei kjent at det skulle innførast ei flat CO2 avgift.I regjeringa sitt budsjett som vart lagt fram ,derimot kjem det fram at næringa likevel skal få fritak ved bruk av naturgass og propangass som energikjelde.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.10.2018 - 15:35
    SAM_3393.JPG

    Treng bøsseberarar til TV-aksjonen

    Søndag 21 oktober går den årlege TV-aksjonen av stabelen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.10.2018 - 13:35

    Miljøstasjonen held fram som tidlegare

    Frå 1.oktober tok den nye renovasjonsordninga for store delar av Finnøy kommune til.Det etter at kommunen har skrive samarbeidsavtale med Stavanger kommune og Renovasjon IKS.Dermed vert det også endeleg innført kjeldesortering.Miljøstasjonen på Judaberg held likevel fram som i dag.Dermed slepp ein også å køyra heilt til Forus for å bli kvitt større mengder avfall og spesialavfall.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.10.2018 - 14:23
    DF7C3FC3-B1CF-43D0-8BA6-5941B9654367.jpeg

    Halleland aktuell som KrF-topp i Stavanger

    Finnøy-ordførar Henrik Halleland,er ein av fire kandidatar som kjempar om å bli nominert på toppen av Stavanger KrF si liste til kommunevalet neste år.Dei tre andre er stavangerpolitikarane Inge Takle Mæstad,Anne Kristin Bruns og Marie Ljones Brekke.Det er Stavanger Aftenblad som skriv dette i dag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.10.2018 - 13:44
    FF47ADAF-6706-4487-8155-6F4851C1F44D.jpeg

    Eit langt steg mot 5.divisjon

    Etter at den største utfordraren til 2.plassen i pulje 3 i 6.divisjon,bylaget Pol,tapte sin heimekamp mot Hundvåg 2 onsdag kveld,er Finnøy nærmast klar for spel i 5.divisjon frå neste fotballsesong.Når laget onsdag 17.okt tek imot SIF 2 heime på Leikvoll,skal mykje gå galt om det skal hindra Finnøy frå å rykka opp ein divisjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.10.2018 - 09:54
    F45D45E5-0F36-42BC-83D1-37967A3F54A7.jpeg

    Vikekleiva forsvinn-Hauskjevegen blir til Øvre Hauskje

    Arbeidsutvalget for Nye Stavanger vedtok i sitt møte i går å endre 19 gatenavn tilhøyrande i den nye storkommunen.Fem av desse ligg i Rennesøy og to i Finnøy.På Finnøy forsvinn kjente stadnamn som Hauskje og Vikekleiva ut av det offentlege vokabularet,ettersom noverande Hauskjevegen vert erstatta med Øvre Hauskjeveg og Vikekleiva med Utsynvegen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.10.2018 - 14:59

    Eikenøtter tek livet av sau

    Saubonde Marit L.Sinnes på Ombo (bilete),har mista heile seks sauer den siste veka etter at dei har ete i seg eikenøtter .No åtvarar ho andre sauebønder til å vera spesielt oppmerksomme på denne faren å ta sine forholdsreglar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.10.2018 - 09:50

    Finnøy går mot opprykk

    Seks år etter at Finnøy «frivillig» tok vegen ned i 7.divsjon,kan endelig målet om opprykk til 5. Divisjon igjen bli ein realitet frå neste år.Tysdag kveld sikra laget seg eit uhyre viktig bortepoeng i 2-2 kampen mot Vaulen 2.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.09.2018 - 08:41

    Storflaum på Finnøy

    Sjølv om storparten av dei enorme nedbørsmengdene som tidvis fell ned over øyane i Ryfylke relativt raskt finn vegen til sjøen,har dei veldige nedbørsmengdene i natt ført til oversvømmelsar på vegar og marker.På Coop Extra på Judaberg har store mengder vatn som kjem fossende nedover kaien,ført til at det har danna seg ein større innsjø framfor inngangspartiet til butikken.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.09.2018 - 22:47
    7A68FE2D-9A82-45E2-B289-A9131D2AED5F.jpeg

    Fersk brudgom blei matchvinnar i toppoppgjør

    Laurdag stod han brudgom og vart «smidd i Hymnens lenker».I kveld vart bryllupsfesten til Einar Nordbø krona med nok ein viktig siger,då han kriga inn seiersmålet i toppkampen mot Pol på Leikvoll.

    Finnøy befesta dermed sin 2. plass på tabellen med  sin 3-2 siger , og la også bylaget 4 poeng bak seg i kampen om direkte opprykk til 5.divisjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.09.2018 - 09:45
    F7542E4C-BE39-4C38-A258-395ED7DD4AFE.jpeg

    Ingen alvorlege skader etter stormen

    Etter det Øyposten kjenner til,er det ikkje kome inn meldingar om betydelige skader i vårt distrikt etter stormen som herja langs kysten av Rogaland og Agder fredag ettermiddag og kveld.Skjølv om fleire tre har velta,også i vårt område,har innbyggjarane på Nord -Jæren og i Ryfylke behalde straumen.Vinden har no minka betydeleg utover morgonkvisten,og det same har nedbørsintensiteteten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.09.2018 - 19:22
    E4CB5E32-2025-44D9-AF28-090712D1ADC4.jpeg

    Nye Stavanger vil ha Finnøy med på «Hjem-jobb-hjem»

    Ei samrøystes Fellesnemd for Nye Stavanger,vedtok i dag at prosjektrådmannen for den nye storkommunen skulle gå i dialog med fylkeskommunen med tanke på at også Finnøy og Rennesøy skulle bli med i den såkalla «hjem-jobb-hjem» ordninga.Då i form av ei sterkt rabattert billettordning på hurtigbåt og event. supplerande tog og buss.Det var representanten Frode Myrhol frå FNP (folkeaksjonen nei til bompenger) som fremja forslaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.09.2018 - 00:03
    58518102-D2C0-42F8-999E-429A8AB4A9F8.jpeg

    Bil kjørte av vegen ved Hagatunet

    Politiet melder på Twitter i kveld at ein bil har kjørt utfor vegen ved Hagatunet i Judaberg sentrum.Det er betydeleg materielle skader på bilen,og det skal berre vera føraren som har vore i bilen då ulykka skjedde.Ambulansepersonell skal vera på staden.Føraren skal vera oppegåande,og såleis ikkje alvorleg skada.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2018 - 15:00
    bustader sjernarøy.jpg

    «Treng ikkje fleire bustadfelt»

    Rådmann Karin Dokken Austvik ser ikkje behov for å setta av meir areal til bustader i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.09.2018 - 15:07
    Odd Bleie.jpg

    Bleie trekkjer seg ut av politikken

    Nåverande varaordførar i Finnøy,Odd Bleie frå Senterpartiet, har både pensjonert seg som bonde,og vil frå neste år også tre tilbake frå lokalpolitikken.-Eg har gitt beskjed til nominasjonskomiteen at det ikkje blir aktuelt å bli med vidare,seier Bleie til ØP-nett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.09.2018 - 22:28
    EA167CD5-D219-4D72-9023-C85917F29E79.jpeg

    Storsiger til Finnøy

    Finnøy vann heile 5-0 over botnlaget Tasta 2 på Leikvoll i kveld.Dermed ligg laget enno på direkte opprykksplass,berre to poeng bak Kvitsøy, etter at øyalaget noko overraskande gjekk på ein skikkelig smell heime mot Pol i siste serierunde.

    » Les heile saka